– Eg tenkjer at møteplassar for barn og unge er kjempeviktig, og det viste seg blant anna no under dette arrangementet. Det skulle vore ein fast møteplass der unge kunne møttest nokre gonger i veka. Som ein god, gamal ungdomsklubb, seier Tor Talle.
Under Fruktbare dagar på Leikanger møttest det denne fredagen 80 ungdommar på eit gratis ungdomsarrangement, der han stod for planlegginga. Invitasjonen hadde gått ut til skulane både i Sogndal, på Leikanger og i Balestrand.
– Naturlegvis var det flest som møtte frå Leikanger, men det var òg ein gjeng som kom med bussen frå Sogndal.
Dobla mengda deltakarar
Arrangementet blei heldt i samarbeid med Opplev Leikanger og Leikanger frivilligsentral, og var eit gratis tilbod for unge mellom 10 og 18 år. Her kunne dei vera med på både musikkquiz, konsert, dans og brettspel. I tillegg fekk dei gratis pizza, noko Talle beskriv som populært.
Det blei òg halde i 2021, då med 40 deltakarar. I år var talet dobla.
– Eg tenkjer dette viser at ungdommane har eit behov for å møtast, då så mange kjem når ein først arrangerer noko. I tillegg har eg fått mange gode tilbakemeldingar frå både vaksne og unge. Det er kjekt å driva på når ein høyrer slikt.
Talle fortel at det på dette arrangementet var flest i alderen 12–15 år som møtte.
– Eit stort behov
Talle seier at han ser eit stort behov for møteplassar for unge.
– Eg tenkjer at dette er veldig viktig. Ein stad der dei kan møtast for å prata, spela brettspel, dansa, kanskje spela PlayStation eller liknande. Berre det å ha ein stad å reisa etter skuletid på kveldane. Det er eit ønskje eg har for alle bygder.
Han fortel at dette er noko ungdommane har spelt inn til Sogndal kommune sjølv, noko som viser at dei ser behovet dei og.
– Dette trur eg er noko Sogndal kommune vil få på sikt, men per i dag er det ikkje noko.
Talle byrja med ungdomsarbeid tidleg i 20-åra, og har halde fram i rundt 30 år.
– Eg brenn for det, og har alltid brunne for det. Eg har aldri slutta å vera engasjert.
For han står det sentralt at Sogndal kommune skal bli ein bra stad å voksa opp på.
– Eg ser at tilbodet er dårleg, og då går engasjementet endå meir opp.
Haustmoro
Det er ikkje lenge til neste arrangement går av stabelen. Dette er det òg Talle som står for planlegginga av, men denne gongen i samarbeid med kommunen.
– Dette skjer i haustferien. Då har ungdommane fri, og det er ikkje alle som skal vekk.
Arrangementet går over tre dagar og gjeld for same aldersgruppe i Sogndal kommune. Her får dei moglegheit til å spela inn ein song, anten dei syng, spelar instrument, eller begge deler.
– Dei får innføring i korleis det er å vera i eit studio. Dette inneber korleis å miksa ein song, låtskriving og anna forskjellig. Det er eit spanande tilbod.
Her er det berre 12 plassar, då det tek lang tid per person som deltek.