Spanjolane kom ikkje i mål – no tek Statens vegvesen over Rødølstunnelen

OPNAR SNART? Då det framleis stod att manglar etter at fristen til spanske Aldesa gjekk ut, tek Statens vegvesen sin driftsentreprenør i området, Mesta, no over ansvaret med å gjera tunnelen klar til opning.

OPNAR SNART? Då det framleis stod att manglar etter at fristen til spanske Aldesa gjekk ut, tek Statens vegvesen sin driftsentreprenør i området, Mesta, no over ansvaret med å gjera tunnelen klar til opning. Foto:

Opninga av Rødølstunnelen på E16 i Vang har sanneleg drege ut i tid. No er tolmodet slutt overfor det spanske selskapet som enno ikkje har fått orden på det elektriske anlegget.

DEL

Det spanske selskapet Aldesa hadde frist til 30. april 2020 med å retta opp manglane som stod att på elektroarbeidet i Rødølstunnelen på E16 i Vang.

– Ved gjennomgang av mangellista, var det fleire av punkta som kunne kvitterast ut som ok. Likevel er det enkelte ting som ikkje fungerer, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Mesta tek over

Statens vegvesen inngjekk i byrjinga av april avtale med elektroentreprenøren Aldesa om å overta elektroarbeidet i Rødølstunnelen med mangelliste. Fristen til entreprenøren har no gått ut.

Tunnelar som Rødølstunnelen er mellom anna underlagt eit strengt regime når det gjeld tryggleiksstyring. I tilfelle eventuelle ulukker og brann må desse styringssystema fungera. Ein viktig jobb vil vera å få dette til å verka som det skal.

– No når Statens vegvesen har teke over Rødølstunnelen, overtek divisjon Drift og vedlikehald sin driftsentreprenør i området, Mesta Elektro, driftsansvaret for Rødølstunnelen. Dei startar omgåande med å gjera seg kjende med tunnelen og dei ulike el-systema, seier Haugen.

Håpar snarleg opning

I den samanheng må dei også gjera tilpassingar og retta opp manglar, før tunnelen er klar for sluttesting, tryggleiksgodkjenning og vegopning. Når Mesta Elektro har fått nødvendig oversikt over kva arbeid som må gjerast, blir det utarbeida framdriftsplan for aktivitetane fram til vegopning.

– Saman med Mesta Elektro, vil Statens vegvesen gjera alt me kan for å få opna tunnelen for trafikk så fort som mogleg, seier prosjektleiar Haugen.

Artikkeltags