Sp vil kutta miljøsatsing om regjeringa ikkje lovar ferjepengar

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet reagerer kraftig på at det er innbyggjarane langs kysten som må svi for miljøsatsinga.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet reagerer kraftig på at det er innbyggjarane langs kysten som må svi for miljøsatsinga. Foto:

Av

Senterpartiet vil kutta satsinga på miljøvennlege ferjer og hurtigbåtar om regjeringa ikkje blar opp meir pengar til fylka.

DEL

Nyleg leverte Senterpartiet eit forslag kor dei ber regjeringa stilla opp og hjelpa fylkeskommunane med pengar for å unngå skyhøge billettprisar eller kutt i tenestetilbodet.

Utfordringa til fylkeskommunane er kravet om at alle ferjer og hurtigbåtar skal vera utsleppsfrie om få år. Det kostar å utvikla teknologien og byggja nye fartøy og dette har tvunge mange fylke til å setja opp billettprisane.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet reagerer kraftig på at det er innbyggjarane langs kysten som må svi for miljøsatsinga.

– Dette må regjeringa forstå. Om ikkje må me kutta all satsing på nullutslepp på båtar og ferjer i fylka, seier Navarsete til NRK.

Navarsete viser til at gamle Hordaland fylke aleine har ekstrautgifter på elektrifisering av ferjeflåten på 300 millionar kroner.

Ho fryktar resultatet blir store kutt i løyvingane til fylkesvegane og dei vidaregåande skulane.

– Det må koma ekstrapengar i revidert nasjonalbudsjett til dei fylka som er råka, seier Navarsete.

Men distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) har ikkje med seg løfter om pengehjelp eller konkrete tiltak når ho tysdag besøkjer ferjeopprørarar i Aukra. Det sa ho til NTB laurdag.

– Det nyttar ikkje å skyve rekninga over på staten. Her har fylkeskommunane eit ansvar som dei er nøydd til å ta, sa Helleland.

Artikkeltags