Tøffe tak: Vegard Aafedt Bukve (2), Truls Hovland (3), Fredrik Aspeseter Sørli og Ole Gunnar Bukve Kjødnes var mellom dei som bidrog til at det vart tøffe tak på jobb for kaptein Rune Vatnamot Åberge (t.v) og Kaupanger denne dagen.

Solid siger og stor spaning: - Gidd ikkje ha nokon plan B

Årdal valsa over Kaupanger og er på oppløpssida i opprykkskampen.

Publisert 05.10.2019 kl. 17.34.

Ingen tvil om at det var nerver på Jotun stadion i forkant, for som trenar Ivan Øy har uttala fleire gonger før; Kaupanger kjem til å gje absolutt alt. Det er mange som vil ha skalpen vår no.
Etter 8-2 kan han også konstatera at ingen mista houvdet denne gongen.


Traff med taktikken

- Me spelar ein veldig god kamp, me gjer akkurat det som me blir samde om å gjera i forkant og eg er utruleg nøgd med at me treff så godt med den taktikken og kampplanen me har lagt, seier Øy.

Truls Hovland gav heimelaget leiinga etter berre seks minutt. Ole Gunnar Bukve Kjødnes følgde opp, før Hovland igjen fekk tilkjend ei skåring fem minutt før pause. Den såg det forresten i grunnen ut som om den var ferdigskåra av Terje Kvam Øvstetun, men tek seg naturleg nok fint ut på statistikken til Hovland, som etter denne kampen er bokført med 36 mål denne sesongen.
Han skåra nemleg også eit i andre omgang.

Vegard Aafedt Bukve skåra to, Fredrik Aspeseter Sørli og Anders Lereng skreiv seg også på skåringslista denne dagen.


Må venta med å jubla

Trond Vegard Ripe reduserte til 3-1 like før pause og skapte med det eit ørlite spenningsmoment, nok to relativt kjappe mål av heimelaget i starten av andreomgang relativt raskt tok knekken på.
Jørgen Dalaker skåra også for Kaupanger på stillinga 6-1. På overtid var det høve til å redusera på straffe, men det lukkast ikkje for grøntrøyene denne gongen.

- Me står i dette i to omgangar og me held konsentrasjonen og tempoet oppe på ein veldig god måte og me skårar mange flotte mål, det er også veldig flott å ha med seg på ein så flott haustdag, meiner Ivan Øy.

Han kunne ha jubla for opprykk dersom trenarkollega Jan Tore Slinde og Syril hadde teke tre poeng heime mot Førde, men var også førebudd på at han lyt venta til neste helg før alt vert avgjort.


Syril - Førde: 0-6

Førde, som halsar like bak Årdal på tabellen, brukte nemleg berre fire minutt på å punktera Syril etter ein halvtimes spel. Mellom det 32. og 35.minutt av kampen gjekk dei nemleg opp i 0-3.

Det gjorde resten av kampen tung for heimelaget sin del, noko likare vart det ikkje etter pause heller, då det kom tre nye skåringar slik at det enda 0-6.

Frank Robert Værmn, Ruben Holsæter (3) og Brage Sandvoll skåra Førde sine mål.
Trass i at Årdal framleis har trepoengs forsprang og betre målskilnad, blir det truleg spaning til siste slutt når alt skal avgjerast neste helg.

- Ein ting er målforskjellen og alt det, men me vil uansett helst gjera alt sjølve og ikkje vera avhengig av nokon som helst for å vinna denne serien. Me gidd ikkje ha nokon plan B, seier Ivan Øy om det.