Solid resultat ved Hydro Årdal: – Heng saman med veldig god drift

NØGD: – Eit godt resultat, konstaterer fabrikksjef Wenche Eldegard.

NØGD: – Eit godt resultat, konstaterer fabrikksjef Wenche Eldegard. Foto:

Hydro Årdal leverte eit resultat på 121 millionar kroner i første kvartal, eit langt betre resultat enn fjerde kvartal i fjor.

DEL

– Det er eit veldig godt resultat som i hovudsak skuldast veldig god drift, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Ho peikar likevel på at resultatet i veldig liten grad er påverka av koronasituasjonen.

– Det vil me merka i andre kvartal.

Lægre prisar

Resultatet er også positivt påverka av lægre prisar på råstoff og lægre kronekurs. Men prisane på metallet er også framleis låge.

– Me har lægre produksjonsvolum i første kvartal, noko som skuldast ein svekt marknad i Europa. Dette er noko me ser vil halda fram, så me gjer no tiltak for å avgrensa den negative økonomiske effekten som vil koma som eit resultat av dette. Her vil det også vera avgjerande med god drift i alle einingane, skriv Eldegard i ei pressemelding frå selskapet.

Positivt

Eldegard er glad for at viktige kundar i Europa så smått har byrja å starta opp att verksemda.

– Eg er spent på kva som skjer utover i andre kvartal om kundane våre får opp att produksjonen som vil hjelpa på etterspurnaden etter aluminium.

Eldegard seier etterspurnaden har gått monaleg ned den siste månaden på grunn av koronasituasjonen.

– Me har fått kanselleringar og utsetjing på ordrar, noko som gjer produksjonen vår utfordrande. I aluminiumproduksjonen må me produsera det same volumet totalt sett, me kan ikkje justera dette i særleg grad. Me kan justera type produkt, som no vil føra til lægre prisar og dermed lægre lønsemd for metallverket. Men det er usikkert kor lenge denne situasjonen vil vara.

Rask omstilling

Eldegard legg til at metallverket i Årdal har evne til å omstilla seg raskt og at dei no gjer klar ei produksjonsline som ikkje har vore i bruk på åtte år.

– Denne vil erstatta legert, som er normalsituasjonen, med ulegert volum som dermed kan syta for at metallverket framleis kan produsera det same elektrolysevolumet som tidlegare.

Eldegard trur uansett det blir eit krevjande år for heile industrien.

– Desto viktigare blir det å ha stabil og god drift i anlegga og fokusera på dei faktorane me kan påverka. Marknad og prisar ligg utanfor kontrollen vår.

Hydro Høyanger hadde eit overskot på 30 millionar kroner i første kvartal. Verket i Høyanger gjekk med 11 millionar i minus i 2019.

Produksjon

Det vart produsert 50.688 tonn aluminium i første kvartal. I tillegg er det produsert 54.421 tonn anodar ved karbonverket på Årdalstangen. Hydro Årdal omsette for 1.252.000.000 kroner i første kvartal. Det er totalt 532 tilsette ved verksemda. Sjukefråveret låg på seks prosent. Det var ingen skader med fråvær på verket i første kvartal.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken