SKIFTER BEITE: Mats Solheim ville ikkje forlenga kontrakten i svenske Hammarby. Tysdag vart han presentert som ny Stabæk-spelar. (Foto: Nils Petter Nilsson)

Solheim valde vekk Sogndal til fordel for eliteserielag

Mats Solheim har skrive under på ein treårskontrakt.

Publisert 28.11.2019 kl. 13.56.

31-åringen skal spela for Stabæk dei neste tre åra. Det melder klubben på sine eigne nettsider.


- Dette blir ein ny utfordring. Eg gler meg til å vera med på dette prosjektet, å bygge opp Stabæk igjen. Det kjem ein ny stadion her og det ser betre og betre ut spelemessig også. Eg håpar å bidra til at Stabæk kan nå nye høgder, seier Solheim.


Sogndal-trenar Eirik Bakke la ikkje skjul på at han ønskte å henta 31-åringen til saftbygda, åtte år etter at han reiste.


- Eg har sendt melding til han der eg sa at han må koma hit viss han har lyst. Han er alltid velkomen her i Sogndal, og me er sjølvsagt interessert i å henta han viss han vil det sjølv, sa Bakke til Sogn Avis tidlegare i november.


Sjølv sa Solheim at Sogndal var ein klubb som låg nært hjarta.


- Men det er ei heilskapsvurdering eg vil ta saman med familien, sa Solheim, som hadde fått førespurnader frå eit breitt spekter av klubbar etter at det blei klart at han ikkje ville forlengja kontrakten med Hammarby.


Men tysdag vart Solheim altså presentert som ny Stabæk-spelar.


- Me har vore ute på eventyr i Sverige i åtte år, og no følte me at det var på tide å koma heim. Det nye eventyret her blir interessant, seier Solheim til Stabak.no. 


Til Sogn Avis seier Solheim at han er nøgd med slik det har landa og at han no kan konsentrera seg om det som skjer framover.


- Stabæk la fram ein veldig bra plan for klubben og for meg og familien som gjorde at eg landa på dette. 


At han får ein treårskontrakt, er han også glad for.


- Det gir ein tryggheit, så får me sjå kva som skjer vidare. No satsar me på å få ein klarheit med leilegheit og barnehageplass etterkvart, seier Solheim, som har si siste treningsøkt med Hammarby fredag.