Solheim scora fire minutt på overtid i cupsiger

Publisert 19.02.2019 kl. 07.02.

Mats Solheim frå Stryn fastsette sluttresultatet til 3-0 for Hammarby i møte med Varberg i den svenske cupen måndag kveld.


Solheim starta kampen på innbytarbenken, men fekk spela den siste halvtimen framføre over 11.000 tilskodarar heime på Tele2 Arena.


Sander Svendsen opna scoringsballet før Nikola Durdic la på til 2-0. På overtid sørgja altså stryningen Solheim for at kampen enda 3-0 då han breisida ballen i mål.


Dette var det første målet til Solheim sidan 28. mai 2017.


Les meir om: Sport Notis