Søkjer ny tilsett: Krava til søkaren er litt uvanleg

SØKER TRAINEE: Henrik Nordal, avdelingsleiar i Lotteri- og stiftingstilsynet

SØKER TRAINEE: Henrik Nordal, avdelingsleiar i Lotteri- og stiftingstilsynet Foto:

Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde søker no etter ein trainee som er jurist, samfunnsvitar eller økonom. Stillinga er reservert for søkarar som elles ofte taper i konkurransen, dei med nedsett funksjonsevne eller hol i CV.

DEL

(FIRDA): – Vi veit det er mykje kompetanse der ute, som kanskje ikkje får den moglegheita dei burde få.

Det seier Henrik Nordal, avdelingsleiar for lotteritilsynet.

No har han lyst ut ei eittårig trainee-stilling for juristar, samfunnsvitarar eller økonomar.

Han seier at søkarar ofte kan tape i konkurransen, viss dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Det betyr at dei kanskje har vore ute av arbeidslivet i ei tid, til dømes på grunn av sjukdom.

– Vi ser at det er somme som slit med må få ein fot innanfor, seier Nordal.

Jobben kjem an på kompetansen

Lotteri- og stiftelsestilsynet sine to avdelingar har til saman 75 tilsette. Den som får stillinga vil jobbe mest med lotteriavdelinga, men Nordal seier det er mykje samarbeid på tvers av dei to avdelingane.

Kva vedkommande skal jobbe med, kjem litt an på kva kompetanse han eller ho har.

– Vi har eit veldig stort spenn i arbeidsoppgåvene. Til dømes tilskotsforvalting, momskompensasjon, krisepakkar til idrett, kultur og frivillig innsats, og heile pengespelmarknaden med stort og smått, tipping, rikstoto, bingo, lotteri, seier avdelingsleiaren.

Andre fagområde dei syslar med, er kvitvasking, manipulering av idrettskonkurransar og spelansvar.

Vil legge til rette

– Vi er opptekne av å vere med på inkluderingsdugnaden, og gjere vår skjerv som offentleg arbeidsplass. Vi ønsker no å få så god tilgang på søkarar som vi kan få, og er budde på å legge til rette arbeidsoppgåver internt for den kandidaten som vi ender opp med, seier Nordal.

Som døme kan dei legge til rette for faglege eller sosiale behov.

Stillinga vart annonsert i månadsskiftet, og har frist 14. september.

– Det allereie komme to søknadar, seier Nordal.

Artikkeltags