Sogning blir administrerande direktør i Volvo Trucks

NY SJEF: Karstein Ahlin, opphavleg frå Hafslo, er tilsett som administrerande direktør for Volvo Trucks Norge AS.

NY SJEF: Karstein Ahlin, opphavleg frå Hafslo, er tilsett som administrerande direktør for Volvo Trucks Norge AS. Foto:

Då Karstein Ahlin fekk tilbod om jobben, var han ikkje i tvil om svaret.

DEL

– No var eg eigentleg på veg til andre utfordringar i Volvo, men eg var ikkje i tvil når denne moglegheita oppstod. No gleder eg meg til å ta fatt på ei spennande reise saman med dei tilsette i Volvo Norge og forhandlarapparatet vårt, seier Karsten Ahlin frå Hafslo i ei pressemelding.

Ahlin har fungert i rolla ei god stund, i påvente av den nye direktøren Torbjörn Wilson, som no har trekt seg frå stillinga på grunn av personlege årsaker.

Har stege i gradene

– Karstein Ahlin har lang erfaring i Volvo Norge, og gjorde ein strålande jobb som fungerande administrerande direktør. Sjølv om det var andre planar for han i Volvo-konsernet, så ser me at Ahlin vil vera den perfekte leiaren for den norske marknaden, seier Anna Müller, styreleiar i Volvo Norge.

Ahlin vart tilsett i Volvo Norge tilbake i 2014 som Transport Solution manager, men steig raskt i gradene, og sidan 2016 har han hatt stillinga som direktør for servicemarknad.

Frå det vart kjent at Waldemar Christensen tok over som Vice President Sales and Offering på hovudkontoret i Göteborg, var Ahlin fungerande administrerande direktør i den norske marknaden.

Ser fram til jobben

– Me står føre ein spennande haust med lansering av heile fire nye lastebilar, som både me og forhandlarane våre har store forventningar til, seier Ahlin.

Han byrjar i stillinga med ein gong, opplyser Volvo Trucks Norge.

Artikkeltags