Sognekraft utvidar og rokkerar styret

NY STYRELEIAR: Geir Arve Sandvik tek over som styreleiar i Sognekraft. Nestleiar er Laura Kvamme.

NY STYRELEIAR: Geir Arve Sandvik tek over som styreleiar i Sognekraft. Nestleiar er Laura Kvamme. Foto:

Ei ekstraordinær generalforsamling i Sognekraft har på førespurnad frå hovudaksjonær BKK AS både utvida og endra styret. 

DEL

Styret blir utvida med ein person, Olav Turvoll . Nytt styremedlem er også Silje Skaar Sunde, som erstattar Atle Neteland.

Generalforsamlinga valde også inn varamedlem Ingrid von Streng Velken, som erstattar Birthe Iren Grotle. Rune Lunde er også ny. Marta Sofie Vange erstattar Olav Turvoll som vara for Marta Finden Halset.

Silje Skaar Sunde og Olav Turvoll er valde for perioden fram til generalforsamlinga i 2021. Marta Sofie Vange erstattar Olav Turvoll som vara for Marta Finden Halset i perioden fram til ordinær generalforsamling i 2020.

Ny styreleiar er Geir Arve Sandvik, med nestleiar Laura Kvamme. Dei sit fram til ordinær generalforsamling i 2021.

– Eg gler meg til arbeidet som styreleiar, Sognekraft er eit spanande selskap. Det er også spanande tider, med stor utbygging på Leikanger og alt som skjer generelt innan elektrifisering i samfunnet, seier han.

Artikkeltags