Sogndøl kåra til årets SIF-gut: – Eg er stolt

FEKK UTMERKING: John Hove er kåra til årets SIF-gut.

FEKK UTMERKING: John Hove er kåra til årets SIF-gut. Foto:

Johan Hove (20) frå Sogndal får skryt for innsatsen sin for Strømsgodset denne sesongen.

DEL

Han vart nyleg kåra til årets SIF-gut, skriv drammensklubben på si nettside.

– Eg er stolt over å spela i Strømsgodset og eg er stolt over få denne prisen. Det betyr veldig mykje for meg, seier Johan Hove til klubben.

Han fekk prisen av sportssjef Jostein Flo i forkant av tysdagens serieavslutning mot Stabæk på Marienlyst.

– Årets SIF-gut er ein pris som blir delt ut til den spelaren som gjennom sesongen har vist stor lojalitet, gode haldningar og prestert på høgt nivå i trening og kamp. Prisen vart i si tid etablert av no avdøde Ole K. Karlsen – mangeårig SIF-ven og sponsor og har blitt delt ut kvar einaste sesong sidan stordomstida starta på 60-talet. Dette er ei historisk utmerking som heng høgt, skriv Strømsgodset.

Årets unge spelar i fjor

I fjor vart Johan Hove kåra til årets unge spelar i drammensklubben.

– At 20-åringen no tar steget opp og får den store prisen seier alt om den formidable utviklinga han har hatt i 2020. Johan har rett og slett etablert seg som ein av lagets viktigaste spelarar og ein av Eliteseriens mest målfarlege midtbanespelarar. Han er også del toppscorar i Strømsgodset saman med Lars-Jørgen Salvesen (10 mål). Det ligg mykje hardt og målretta arbeid bak framgangen og me synest det er utruleg moro – og ikkje minst fortent – at Johan har fått sitt definitive gjennombrot denne sesongen, skriv klubben.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken