Slagsmål, bortvising og lystig nachspiel

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Av

Politiet hadde fleire oppdrag i Sogndal natt til laurdag.

DEL

Operasjonleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt fortel at den første meldinga kom inn klokka 00.30.- Det var melding om eit mindre slagsmål ved Nortun grendahus i samband med eit arrangement. To personar vart viste bort frå staden av politiet, og dei følgde oppmodinga, seier Rebnord.Klokka 02.18 rykte politiet ut på nytt. Denne gongen til ein utetstad i Sogndal sentrum.- Det var ein mann i midten av 20-åra som ikkje var i godt humør. Han ville ikkje følgja vaktene sitt råd om å forlata staden og politiet vart tilkalla. Politiet bad mannen halda seg borte frå sentrum. Den oppmodinga ser ut til vart følgd, seier Rebnord.Like før klokka 03.00 fekk politiet melding om bråk frå ein studentbustad i Sogndal.- Det dreia seg om eit nachspilel med karaokesong. Det roa seg då politiet banka på døra, seier Rebnord.Klokka 03.06 fekk politiet melding om slagsmål ved ein rundkøyring i Sogndal.- Då politiet kom var alt roleg, seier Rebnord.

Artikkeltags