Nye Sogndal aukar mest i Vestland: - Viser at me er attraktive

NØGD: Arnstein Menes (Sp), ordførar i nye Sogndal kommune er nøgd med folketalsutviklinga i den nye storkommunen. (Arkivfoto)

NØGD: Arnstein Menes (Sp), ordførar i nye Sogndal kommune er nøgd med folketalsutviklinga i den nye storkommunen. (Arkivfoto)

Av

Onsdag vart endringane i folketal for siste kvartal lagt fram av Statistisk Sentralbyrå.

DEL

Nye Sogndal er den kommunen i Vestland med den klart beste utviklinga, med ein auke på 0,7 prosent. Tala syner ein folketalsvekst på 88 personar, og kommunen har no 11.909 innbyggjarar, heiter det i ei pressemelding.Til samanlikning har Bergen ein auke på 0,4 prosent.

Nøgd

Ordførar Arnstein Menes (Sp) er svært godt nøgd med tala, og ser positivt på etableringa av den nye kommunen, som skal bestå av dei noverande kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand frå 1. januar 2020.- Dette syner at me er ein attraktiv kommune med flott utvikling. Me har eit offensivt næringsliv, og kommunen vil satsa vidare på ei offensiv samfunns- og næringsutvikling. Og ikkje minst har dei tre gamle kommunane levert svært gode tenester til innbyggjarane våre. Noko me i den nye kommunen skal forvalta vidare saman med dyktige tilsette.

Artikkeltags