Tildelte æres-medlemskap til Sviggum

ÆRESMEDLEM: Per Ingar Sviggum fekk æresmedlemskap på Sogndal idrettslag sitt årsmøte, her med leiar Cecilie Thaule Løvlid. (Alle foto: Sogndal idrettslag)

ÆRESMEDLEM: Per Ingar Sviggum fekk æresmedlemskap på Sogndal idrettslag sitt årsmøte, her med leiar Cecilie Thaule Løvlid. (Alle foto: Sogndal idrettslag)

Av

Sogndal idrettslag delte ut æresmedlemskap, SIL-pris og heidersteikn på årsmøtet.

DEL

Per Ingar Sviggum vart tildelt æresmedlemskap på Sogndal idrettslag sitt årsmøte 28. mars.Sviggum får æresmedlemskapet som tidlegare utøvar, trenar, leiar og framleis eldsjel i SIL, heiter det i ei pressemelding frå idrettslaget.Han tok tidleg leiarverv i SIL: i fotballgruppa, symjegruppa og skeisegruppa. Han har vore trenar i aldersbestemt fotball, og trenar for Sogndal sitt A-lag frå 1960 til og med 1977. Laget nådde cupfinalen i 1976. Han er også involvert i seniorklubben.SIL-prisen gjekk til G19-laget til Sogndal idrettslag fotball, med grunngjeving at dei vart noregsmeister og skandinavisk meister. Det var første gong eit norsk lag vann den skandinaviske turneringa.

SIL-PRIS: G19-laget fekk SIL-prisen for sine prestasjonar i 2018. Her representert ved Kristian Rutlin og Ulrik Fredriksen.

SIL-PRIS: G19-laget fekk SIL-prisen for sine prestasjonar i 2018. Her representert ved Kristian Rutlin og Ulrik Fredriksen.

 

Heider

Det vart også delt ut heidersteikn.Øyvind Rørvik får SIL sitt heidersteikn som utøvar, trenar og eldsjel i SIL. Han har vore aktiv i SIL sidan 60-talet, og har 40 kampar for Sogndal. Han har vore aktiv alpinist, og drive med friidrett og vore trenar i aldersbestemt fotball. No er han engasjert i turngruppa i idrettslaget.Oddny Anita Barsnes får SIL sitt heidersteikn for sin fortid som utøvar, og særskilt som eldsjel og sitt engasjement for handballen i SIL.- Oddny Anita er ei av dei som ikkje framhevar seg sjølv. Ho er den som legg til rette, organiserer og jobbar i det stille. Ho er ei av dei som gjer at SIL går rundt, heiter det i grunngjevinga.Ingrid Narum får SIL sitt heidersteikn som trenar og utøvar for SIL lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho har bronse i junior-NM 1998 og to meisterskapstitlar i junior-NM 2001. Same året tok ho sølv i junior-VM i Polen.

HEIDER: Desse fekk heidersteikn på årsmøtet, f.v.: Oddny Anita Barsnes, Tonje Norheim Tangerud, Øyvind Rørvik, Ingrid Narum.

HEIDER: Desse fekk heidersteikn på årsmøtet, f.v.: Oddny Anita Barsnes, Tonje Norheim Tangerud, Øyvind Rørvik, Ingrid Narum.

 

Ho debuterte i verdscupen i langrenn 8. mars 2000. Ho deltok totalt i 27 verdscuprenn, og hennar beste individuelle plassering var ein 8.-plass.2002 tok Ingrid gull i verdsmeisterskapen i U23 og sølv i sprint i senior-NM. Ho kom med på det norske landslaget for senior og tok 6.-plass i sprintverdscupen 2004. Etter at ho la opp og var i fleire år trenar i langrennsgruppa.Tonje Norheim Tangerud får SIL sitt heidersteikn for sitt engasjement som tillitsvald og trenar, og som utøvar for SIL lokalt, nasjonalt og internasjonalt.Ho hevda seg i den nasjonale toppen i utfor og super-G, og køyrde fleire E-cup- og World Cup-renn før ho etter ein skade i 1999 måtte leggja opp som aktiv utøvar. Ho tok gull i junior-NM i 1996, sølv i 1997, bronse 1998, og 4.-plass i utfor i senior NM.Internasjonalt vart ho nummer fire i far East Cup Fis i Sørkorea, og har ein 24.-plass i World Cup. Tangerud har vore krinstrenar i alpint i Sogn og Fjordane, og er no mellom anna trenar i alpingruppa og styremedlem i SIL.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken