Etter ein mållaus første omgang, tok Sogndal meir grep om kampen i andre omgang. Sondre Ørjasæter sende Sogndal i leiinga i det 63. minutt. Men om lag ti minutt seinare sytte KFUM for balanse i rekneskapen og det står 1-1.

Fleire mål vart det ikkje i løpet av full tid, dermed gjekk kampen til ekstraomgangar.

Ingen av laga fekk hol på byllen i løpet av to gonger 15 minuttar heller. Dermed vart det straffesparkkonkurranse for å avgjera kven som går vidare i cupen.

Både KFUM-keeper Viken og Renze Fij i Sogndal-målet redda kvar sin gong i løpet av dei første fem straffesparka.

Då straffekonkurransen gjekk vidare scora Sogndal - såvidt, då ballen sneik seg under Viken og i mål. Fij varta derimot opp med nok ei redning på KFUM sitt neste straffespark.

Etter ein tøff batalje vart det Sogndal som gjekk sigrande ut av kampen, og kjem seg vidare til fjerde runde i NM.

Må venta

Sogndal har god tid til å venta på å få spela fjerde runde.

Den blir nemleg spelt i mars (!) 2023, som ein del av det nye cupoppsettet som blir testa ut her til lands. Dette blei praktisert for første gong i fjor i samband med pandemien, og blei altså vidareført i år.