JUBEL: Sogndal tok leiinga etter ti minutt i fylkesoppgjeret mot Florø søndag. (Foto: Elin Hæreid)

Sogndal tapte etter å ha fått juling av Florø i duellspelet

Florø med tre dødballmål og Dyngeland med strafferedning.

Publisert 19.08.2018 kl. 14.24. Oppdatert kl. 16.53.

Sogndal fekk ein pangopning på fylkesoppgjeret. Sigurd Haugen gav heimelaget leiinga ti minutt ut i oppgjeret.


Sixten Dale Jenssen fekk ballen i mellomrommet og slo ein fin stikkar gjennom til Haugen som var iskald åleine med Florø-målvakta.


Jensen var farleg frampå igjen etter 17 minutt. Midtbaneterriaren kom seg fri inne i 16-metaren til Florø og fekk hovudet på ballen etter eit innlegg frå Eirik Schulze, men Florø-målvakta fekk slått ballen ut til corner.


Etter ein halvtimes spel kunne borteseksjonen endeleg jubla. Runar Hove kom seg fri frå oppassaren sin og stanga inn utlikninga etter ein corner. 


Sju minutt etter kvilen gjekk gjestene opp i føringa. Runar Hove scora sitt andre mål for kvelden då han steig høgst til vers etter nok ein corner.


Like etter var Eirik Schulze farleg frampå etter ein Sogndal-corner. Schulze kom seg fri på bakre stolpe, men forsøket vart redda meisterleg av Fij i Florø-buret.


Etter ein times spel gjekk Florø opp til 3-1, og nok ein gong kom scoringa etter ein dødball. Gjermundstad knuste alle inne i Sogndal sin 16-meter og stussa ballen vidare til Alioune Ndour som styrte ballen i nærmaste hjørna.


Florø var ikkje ferdige. Etter 70 minutt fekk gjestene straffespark etter at Vegard Savland vart lagt i bakken av Kjetil Wæhler. Savland tok sjølv straffesparket, men klarte ikkje å overlista Mathias Dyngeland, som var med på notane.


På overtid reduserte Sogndal ved Eirik Schulze som kom seg fri på bakre stolpe etter eit innlegg frå høgre, men scoringa kom for seint og Florø tok til slutt alle tre poenga.


Sogndal-trenar Eirik Bakke valde å starta med både Bjørn Helge Riise og Trond Olsen. Duoen har sjølv vore tydeleg på at dei ikkje er komne til Sogndal for slite benken i haust. 


- Målet er å spela mest mogleg og visa at eg framleis er ein god fotballspelar. Kroppen er bra, hovudet er ungt og no vil eg gjera mitt for at Sogndal rykkjer opp til eliteserien i haust, sa Riise til Sogn Avis laurdag.


Slik startar Sogndal (4-3-3): Mathais Dyngeland - Akeem Latifu, Kjetil Wæhler, Nikita Baranov, Ole Martin Rindarøy - Bjørn Helge Riise, Eirik Schulze, Eirik Birkelund - Sixten Jensen, Sigurd Haugen, Trond Olsen.


Slik startar Florø (4-3-3): Renze Jagger Fij - Christer Husa, Runar Hove, Andrè Reksten, Vegar Gjermundastad - Peter Aase, Luc Michael Jeggo, Halvor Solheim Olsen - Otar Javashvili, Alioune Ndour, Vegard Savland


Siste saker Gå til framsida