Sogndal skisenter skriv historie med utvida opning: – Det er nesten shorts og bikiniføre

UTVIDAR SESONGEN: Sogndal skisenter Hodlekve held ope dei to komande helgene.

UTVIDAR SESONGEN: Sogndal skisenter Hodlekve held ope dei to komande helgene. Foto:

Sogndal skisenter Hodlekve held ope dei to komande helgane.

DEL

Driftsleiar Kim Andre Navarsete kan fortelja om gode forhold i bakkar, samt metervis med snø i fjellet.

– Verdsmeisterføre er slusjføre, det er berre å smørja seg inn med solkrem og spenna på seg skia, seier Navarsete i ei pressemelding.

Har tapt mykje pengar

Skisenteret skriv historie med ope også på nasjonaldagen.

Ifølgje dagleg leiar Per Odd Grevsnes har Sogndal Skisenter allereie tapt mykje pengar denne sesongen grunna koronasituasjonen. Ein ser heller ikkje den store økonomiske vinninga med å halda ope no i mai.

– Me går nok på eit durabeleg tap på langt over tre millionar kroner under budsjett i år. Me vil nok heller ikkje tena så mykje på å halda ope desse to helgane. Men med dei snøtilhøva me no har så er det vanskeleg å lata vera. Forholda er jo fantastiske. Det er nesten shorts og bikiniføre, seier han og legg til:

– I tillegg har me besøk av fleire alpinklubbar som nyttar dei gode forholda til å leggja startgrunnlaget for neste vintersesong. Me føler også litt på ansvaret me har for å levera og leggja til rette.

Ope komande helgar

Skisenteret vert ope laurdag og søndag dei to komande helgane i Kalvavatni og Rindabotn, der også barnetrekket er opent. Langrennsløypene vert ikkje preparert meir denne sesongen då varmen har teke for hardt lenger nede i dalen, men for turfolket så kjem ein seg fint til Høgehaug og rundt Fjærlandssete.

Artikkeltags