VART HYLLA: Sogndal sine smågutar vart krinsmeistrar i 1. divisjon i haust.

Sogndal sine smågutar vart hylla på heimebane

Sogndal vart KM-meistrar i G14-klassen.

Publisert 01.11.2019 kl. 09.45.

I forkant av semifinalen i NM-cupen mellom Sogndal G19 og Odd G19 onsdag kveld vart dei unge sogndølene hylla på heimebane, der dei fekk det synlege provet på at dei var blitt krinsmeistrar i 1. divisjon i klasse G13/14. 


Henrik Furebotn, klubbutviklar i NFF Sogn og Fjordane, fekk æra av å dela ut pokalen til dei glade sogndølene, som har levert ein strålande haustsesong der dei vann ni av ti kampar.


Kampen om KM-gullet stod mellom Jotun og Sogndal denne hausten. To rundar før slutt leia Sogndal tabellen med seks poeng etter at dei vann 3-2 borte mot rivalen frå Jotun.


LES OGSÅ: Sogndal-gutane eit langt steg nærare KM-tittelen etter nervedrama mot erkerivalen.


Onsdag 23. oktober fekk årdølene sin revansje i returmøte på Fosshaugane Campus, der dei grønkledde vann 3-1. 


Dermed måtte Sogndal få poeng i siste serierunde borte mot Askvoll/Holmedal for å bli krinsmeistrar. Det greidde Geir Inge Heggestad sine menn med god margin, og vann til slutt 6-2. 


Jotun på si side avslutta sesongen med å vinna 4-0 borte over Førde, og hamna tre poeng bak sogndølene. Florø kom på 3. plass, medan Førde kom på 4. Stryn kom på femte, medan Askvoll/Holmedal kom på 6. plass.