Sogndal mistar gåve på 400.000 kroner: – Klatreveggar er ikkje «hvileplads»

VIL BETALA: Legatstyreleiar Else Kristine Husabø vil gje nok ei gåve til sentrumsparken,  der dei også bidrog til solur-skulpturen ein ser til venstre i bakgrunnen her..

VIL BETALA: Legatstyreleiar Else Kristine Husabø vil gje nok ei gåve til sentrumsparken, der dei også bidrog til solur-skulpturen ein ser til venstre i bakgrunnen her.. Foto:

Etter ein prosess på fleire år har styret for legatet etter Christine Leigh no gitt opp samarbeidet med kommunen, og trekt attende over 400.000 kroner.

DEL

– Eg må vedgå at eg er skuffa over å ha møtt så laber interesse for å få auka trivsel i sentrumsparken. Me har måtta purra på saksgangen, og når framlegget frå kommunen endeleg kjem bryt det totalt med utgangspunktet stiftinga har, seier leiar i legatstyret, Else Kristine Husabø.

Ho undrar seg over at kommunen har brukt tid på ting dei veit ikkje er i samsvar med stiftinga Christine Leigh’s Reconvalescenthjem sine fastlagde føresetnader.

– Arealet som no er sentrumspark er faktisk skøyta over med namnet «Hvilepladsen», som gjeld den dag i dag, seier Husabø.

Det var tiltak til glede for særleg eldre og sjuke som låg Louise Rønneberg nært på hjarta då ho testamenterte eigedomane til minne søstera Christine Leigh, som døydde ung.

Klatre eller kvile

Føresetnaden for gåva var heile tida difor tydelege og ufråvikelege, henta frå testamentet og stiftinga sine vedtekter. Dette er pengar som skal gå til utsmykking som både er ein «hvileplads» og ein «varig» installasjon.

– Me hadde i samarbeidsmøtene snakka om døme som steinbenkar, eller innstallasjon der folk kan setja seg ned, kanskje lesa litt, slappa av, seier Husabø.

Då kommunen i november 2019 kom med eit framlegg om ein ein klatrevegg-innstallasjon av limtre, avslo styret og minna om at intensjonane var å skapa ein roleg atmosfære, ein stad for kvile.

– Me måtte også påpeika at treverk med ei avgrensa brukstid på nokre tiår bryt med intensjonane om varig verdi, seier Husabø.

Sårt

Så høyrde dei ikkje meir frå kommunen på ei stund.

– Sidan det var midt under kommunesamanslåinga, kvia me oss for å purra, seier Husabø. Men då nye sakshandsamarar endeleg tok tak i år, viste heller ikkje dei innsikt i føresetnadane.

– Spinkle benkar i trespiler og metall møtte heller ikkje krava om at det skal vera eit varig kunstverk, seier Husabø.

Ho kan ikkje nekta for at ho er skuffa. Det kjennest også sårt at kommunen heller ikkje har teke ansvar for plaketten ved soluret legatet bidrog til med omlag 200.000 til i 2015.

– Den er rive laus, kanskje under brøyting sist vinter, og no veit me ikkje kvar den er, seier ho, og peikar på den nakne steinplata i bakken framfor verket.

Der skulle namnet på kunstnaren og gjevarane stå.

Ikkje «tumbleplads» for barn og unge

Testamentet frå 1908 viser ei framsynt kvinne, med spesiell omsorg for kvinners situasjon og behov på den tida. Ho ville kosta eit «Reconvalecenthjem» for kvinner, som for seinare generasjonar vart kjend som fødestove og velferdssenter.

– Men Louise Rønneberg var også tydeleg på at parken i Sogndal sentrum først og fremst skulle vera ein fredeleg stad for eldre og svakelig, seier Husabø, og viser til formuleringar som dei i samråd med Stiftelsestilsynet måtte modernisera:

«Det er min bestemmelse, at stedet særlig skal tjene som plads til hvile og hygge for ældre eller svagelige folk, så det ikke må gjøres til tumleplads for børn eller ungdom i saadan utstreækning ellerpaa såådan maate, at det volder gene eller ulempe paa nogensomhelst vis for de eldre eller svagelige folk, som søger til parken. Overholdes ikke dette, skal børn – dog herfra undtaget smaabørn under ledsagelse – og ungdom negtes adgang til parken. "

– Kva ville Louise Rønneberg sagt til støynivået frå trampoliner og klatrestativa kommunen sjølv har plassert ved parken?

Husebø smiler:

– Ungar som leikar og ler skapar også trivsel og glede, noko som er eit hovudmål for legatet, seier ho.

Husabø vonar på betre forståing no etter at kommunen har fått ny eigen kultursjef.

– Pengane står trygt og ventar på at kommunen søkjer med tiltak som passar vilkåra. Kanskje burde nye Sogndal kommune ha ein utsmykkingskomité.

– Administrasjonen må svara

Sogn Avis har sidan onsdag føremiddag bede både ordførar Arnstein Menes og kommunalsjef for plan og samfunn Arne Abrahamsen om å kommentera saka. Kommunalsjefen melder at han er oppteken i møter torsdag.

Ordføraren svarar i e-post torsdag kveld:

– Eg har hatt ein kort samtale med leiar i legatstyret. Eg har forståing for at dei må følgje sine vedtekter i kva type tiltak dei ynskjer. Vidare kjenner ikkje eg til korleis dette har vore handsam administrativt i kommunen, og ber difor om at administrasjonen svarar på korleis me kan følgje opp initiativet vidare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken