Sogndal MDG vil erklæra klimakrise

Publisert 06.09.2019 kl. 13.22.

«Miljøpartiet Dei Grøne si hovudutfordring er å få aksept for at me er på full fart inn i ei global klimakrise. I sitt heilt ferske program tek Sogndal MDG difor til orde for at den nye Sogndal kommune erklærer klimakrise», skriv lokalpartiet i ei pressemelding.


«Å forhindra denne krisa krev ein aktiv innsats frå kvar enkelt av oss, og i fellesskap må vi prøve å finne praktisk gjennomførbare og akseptable løysingar som taklar dei ulike utfordringane. Miljøpartiet Dei Grøne ser på engasjementet blant barn og ungdom som svært positivt, og det bør bli teke imot på ein open måte og ikkje med trugsmål om å registrere det som ugyldig fråvær. Vi meiner at det er svært viktig at det vert utvikla politiske modellar og sett i gang prosessar som gjer involvering av den oppveksande generasjonen til eit sentralt satsingsområde i ein berekraftig samfunnsmodell. Å involvere barn og ungdom på ein positiv og framtidsretta måte, er avgjerande når dei enorme miljø- og klimautfordringane skal møtast», skriv Sogndal MDG i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Notis Nye Sogndal

Siste saker Gå til framsida