Blir det nye scoringar frå Joachim Soltvedt i dag? Vingen får tillit frå start igjen i oppgjeret mot HamKam. (Arkivfoto)

Sogndal leika seg mot HamKam - klatra opp på femteplass

Vann 3-0 heime på Fosshaugane Campus.

Publisert 02.11.2019 kl. 15.11. Oppdatert kl. 17.57.

Sogndal kom best i gang heime på Fossaugane. Etter ti minutt var Ulrik Flo svært nære å senda heimelaget i føringa. Spissen kom seg fri på bakre stolpe og heada ballen i tverra. 


Bakke sine menn heldt trykket oppe og kom til nokre halvsjansar den første halvtimen.


Like før pause kom kampens største sjanse då ein HamKam-spelar hamra ballen i krysstanga. Men Sogndal slapp med skrekken og laga gjekk til pause på stillinga 0-0.


Ti minutt ut i 2. omgang sendte Tomas Kristoffersen Sogndal i leiinga. Midtbanespelaren testa skotfoten frå om lag 20 meter og ballen trilla ned i lengste hjørna. 


Tjue minutt før full tid var Ulrik Flo frampå og sette inn Sogndal si andre scoring etter at keeper måtte gje retur på ei kanonkula frå Soltvedt.


Eirik Schulze la på til 3-0 i sin siste seriekamp på Fosshaugane. HamKam med kjempetabbe i forsvar og serverer ballen på gullfat til Schulze som har ein enkel jobb åleine mot keeper.


Kampen enda 3-0 og dermed er Sogndal på 5. plass på tabellen.


Sogndal-trenar Eirik Bakke har vald å starta med dette laget mot laget frå Hamar (4-2-3-1):


Mathias Dyngeland - Tomas Totland, Igho Ogbu, Stefan Antonijevic, Martin Ove Roseth - Steffen Ernemann, Tomas Kristoffersen - Sixten Jensen, Eirik Schulze, Joachim Soltvedt - Ulrik Flo.


På benken sit: Håvard Hetle, Andreas Hoven, Kristoffer Hoven, Eivind Helgesen, Sivert Heggheim Mannsverk, Alioune Ndour, Eirik Lereng.