Sogndal låner ut midtbanespelar til Hødd

PÅ UTLÅN: Tobias Bjørnebye (21) håpar å spela mange kampar gjennom utlånsavtalen med Hødd. Foto: Sogndal Fotball
Sogndal Fotball og Hødd er samde om ein utlånsavtale for Tobias Bjørnebye (21).
Det skriv Sogndal Fotball på si nettside torsdag.
Avtalen varer i første omgang til og med 8. september.
– For Tobias er det viktig å få ein god kampkvardag for å sikra han ein vidare god utvikling, seier Håvard Flo til klubbens nettsider.
Overgangsvindauget er opphavleg stengt, men utlånsavtalen kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18–22 år. Den unge spelaren reiste til Ulsteinvik førre måndag og er godt i gang med treningar der.
– Eg håpar å få spelt mange kampar mens eg er i Hødd, slik at eg kjem tilbake til Sogndal matchfit og nærare kampar i kvitedrakta, uttalar Bjørnebye sjølv til klubbens nettsider.
Han kan få sjansen allereie komande laurdag, då laget møter Mathias Sundberg og Tromsdalen i Troms.
– Det er positivt at Tobias tek denne sjansen som vil gje han mykje og god speletid i ein tøff Post Nord-liga. Han kjem til ein klubb han kjenner godt frå før, og me ynskjer han lukke til – og så gler me oss til han kjem tilbake til Fosshaugane, seier Håvard Flo.
Kommentarer til denne saken