Noko av grunnen til at Sogndal stikk av med ein åttandedel av pengane, er at dei har eit samarbeidsprosjekt med kommunane Luster, Vik, Lærdal, Aurland og Årdal.

– Dette er den største eingongsstøtta til digital opplæring som departementet nokon gong har delt ut, og eg er svært glad for at så mange kommunar ønskjer å hjelpa innbyggjarane sine med digitale ferdigheiter, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i ei pressemelding.

Lågterskeltilbod

Formålet med tilskotet er å leggja til rette for etablering av eit lågterskeltilbod der personar med liten eller ingen digital kompetanse kan få hjelp og rettleiing.

Tilbodet skal gje innbyggjarar som har behov for det høve til å tileigna seg grunnleggjande digital kompetanse, eller erfaring og tryggleik til å læra seg å bruke digitale tenester i eigen kvardag.

Tilskotsordninga støttar opp under regjeringas og KS felles ambisjon om å gje alle innbyggjarar høve til å delta i det digitale samfunnet.

Kompliserte tenester

– Deltaking i det digitale samfunnet er ikkje like lett for alle. Både yngre og eldre kan ha vanskar med å bruka offentlege digitale tenester. Det handlar ikkje berre om digitale ferdigheiter, men også om kompliserte digitale tenester og vanskeleg offentleg språk. Alt dette må vi jobba med for å unngå digitalt utanforskap, skriv Gjelsvik.

Departementet jobbar også med ein handlingsplan for å sikrare at flest mogleg blir digitalt inkluderte. Handlingsplanen skal vera ferdig på nyåret.