KLARE FOR FINALE: Akor Jerome Adams tok det avgjerande straffesparket mot Viking som sende Sogndal til finalen i G19-NM. (Arkiv)

Sogndal klare for finale etter nok ein straffekonk

Det måtte ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse til for å avgjera semifinalen mellom Viking og Sogndal G19-NM.

Publisert 08.11.2018 kl. 17.57. Oppdatert kl. 18.21.

Viking - Sogndal 5-6


Der vart ein thriller av ein fotballkamp på SR-Bank Arena torsdag kveld. Sogndal stilte eit sterkt mannskap, der namn som Ulrik Fredriksen, Tomas Totland og Akor Jerome Adams var med frå start.


Etter ein mållaus førsteomgang tok Sogndal leiinga sju minutt etter sidebyte ved Mathias Sundberg.


Etter 70. minutt utlikna heimelaget til 1-1 ved Lasse Egeland. 


Begge lag hadde sjansar til å avgjera i løpet av ordinær tid, men kampen gjekk til ekstraomgangar på to gonger fem minutt.


Heller ikkje her klara noko av laga å avgjera kampen, som dermed gjekk til straffesparkkonkurranse. 


I kvartfinalen mot Odd, vann Sogndal som kjend på straffer og det vart ein ny jamn konkurranse mot Viking.


Dei fire første på kvart lag scora, men så bomma Viking på det femte og siste straffesparket. Akor Jerome Adams var iskald frå kritmerket og skaut sogndølene til finalen. 


Sogndal møter vinnaren av Lillestrøm og Rosenborg i G19-finalen. Denne kampen har avspark klokka 18.00 torsdag kveld.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida