TAPTE: Sogndal-juniorane tapte 2-0 borte mot FC Sheriff onsdag kveld. (Arkivfoto)

Sogndal-juniorane tapte i Moldova

Nils Tore Krosshaug sine menn får ei tøff utfordring i returmøte på Fosshaugane Campus.

Publisert 06.11.2019 kl. 19.00. Oppdatert kl. 19.48.

Sogndal-juniorane tapte 2-0 mot det moldovske laget FC Sheriff i den første kampen i 2. runde i Europa-cupen onsdag kveld.


Tøff oppgåva ventar heime

Nichita Covali sendte heimelaget i leiinga etter ein halvtimes spel i Tiraspol. Scoringa kom etter ein corner. 1-0 var også pauseresultatet.


Etter kvilen jakta Sogndal utlikning, men det var heimelaget som fekk utteljing. Kvarteret før slutt auka innbytar Eugeniu Gliga til 2-0, som også blei sluttresultatet.


Dermed får Sogndal ei tøff utfordring heime på Fosshaugane Campus i returmøte 27. november.


Lang reise

Sogningane hadde ei lang reise til Moldova. Måndag sette dei seg på bussen frå Sogndal til Oslo. Tysdag flaug dei frå Gardermoen til Istanbul. Frå Istanbul gjekk turen vidare til Moldova. Der vart gutane møtt med 20 grader og strålande sol.  


FC Sheriff ein hardtsatsande klubb og juniorlaget deira har delteke i «Uefa Youth Cup» både i 2016 og 2018. 


Totalt 64 lag er med i UEFA Youth League. 32 er kvalifisert ved at seniorlaget tok seg til Champions League, og desse blir delt inn i dei same gruppene som dei vaksne. Dei 32 andre laga - som Sognda er ein del av etter å ha vunne NM i fjor - er med som nasjonale meistrar. 


Desse klubbane er vidare til 2. runde: Midtjylland (Danmark), Zrinjski Mostar (Bosnia), Dynamo Kiev (Ukrainia), PAOK (Hellas), Porto (Portugal), Domzale (Slovenia), Real Zaragoza (Spania), APEOL (Kypros), FC Sheriff (Moldova) Sogndal (Norge), Rennes (Frankrike), Maccabi Petah Tikva (Israel), Rangers (Skottland), Slovan Bratislava (Slovakia), ÍA Akranes (Island), Derby County (England).


Samanlagtvinnaren mellom FC Sheriff og Sogndal vil møta eitt av dei laga som blir nummer to i «Champions League»-delen i ein playoff. Deretter blir det ordinære utslagsrundar, siste 16, med same datoar som i Champions League. 


Porto er regjerande meistrar i «UEFA Youth Cup» etter at dei slo Chelsea i finalen i april.


Kampfakta:

FC Sheriff - Sogndal Fotball 2-0 (1-0)


Europacupen, 2. runde, 1. kamp, Sheriff small Arena, Tiraspol, onsdag 6. november


Domar: Yigal Frid, Israel


Gule kort: Eirik Lereng, Mikkel Erlandsen, Sivert Mannsverk, Elias Mittet, Sogndal, Denis Macalici, Evghenii Ojehovschii, Iov Danilov, FC Sheriff


Mål: 1-0 Nichita Covali 31. min, 2-0 Eugeniu Gliga 75. min.


Sogndal Fotball: Håvard Hetle, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Eirik Lereng, Eivind Helgesen, Eirik Stokkenes, Sivert Mannsverk, Mikkel Erlandsen (William Rakkenes frå 74. min), Anders Nord, Mathias Sundberg, Vegard Halset (Elias Mittet frå 46. min).


På benken: Per M. Thune, Filip Mardal, Johan Bakke