Sogndal har størst vekst i fylket

Det er framleis vekst i regionsenteret.

Publisert 26.05.2019 kl. 15.42.

Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at folketalet auka med 25 i Sogndal første kvartal i år. Dermed er Sogndal den kommunen som har størst vekst her i fylket denne perioden. Nærast kjem Eid som hadde ein folkevekst på 16. Lærdal kjem heller ikkje så verst ut, med ein vekst på ti.


Førde hadde ein liten vekst på 5, medan Flora hadde ein betydeleg nedgang på 24.


I Sogn er det ikkje gode tal for Vik, som hadde ein nedgang på 20. Luster hadde ein nedgang på 8.


For fylket totalt er ikkje tala positiv lesnad. Første kvartal gjekk folketalet i minus, med 86 færre innbyggjarar enn ved inngangen av dette kvartalet. Folketalet i Sogn og Fjordane er no 109.688.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida