NYE EVENTYR: Sigurd Hauso Haugen (22) har spelt sin siste kamp for Sogndal og er no klar for den belgiske klubben La Royale Union Saint-Gilloise. (Arkivfoto)

Sogndal har selt spissjuvelen sin til belgisk klubb

Sigurd Hauso Haugen (22) er klar for den belgiske klubben La Royale Union Saint-Gilloise.

Publisert 09.08.2019 kl. 14.04. Oppdatert kl. 14.10.

Det stadfestar Sogndal Fotball fredag.


«Det har vore stor interesse for Sigurd over tid. Me har sjølvsagt vurdert for og imot eit sal av ein so viktig spelar, men har no kome til eit punkt dette er rett for både spelar og klubb», skriv Sogndal Fotball i ei pressemelding.


Satsingsklubb

La Royale Union Saint-Gilloise er ein hardtsatsande klubb som ynskjer å ta steget opp til landets øvste nivå. Union SG kjem frå bydelen Saint-Gilles i Brussel.


- Når ein utanlandsk klubb kjem på bana så kan ikkje me stoppa hans draum om å få lov til det. Sigurd hadde 1,5 år igjen av kontrakten med Sogndal, og det er totalen som gjer at me måtte selja, seier Eirik Bakke til Sogn Avis.


Betre handlingsrom


Han vedgår at det er tøft å mista toppscoraren sin midt i sesongen, men er klar på at det gir moglegheiter for andre spelarar.


- Salet av Sigurd gir rom for nye talent til å blomstre for oss, samstundes som det gjev klubben betre handlingsrom for framtidig satsing og bidrag til betra økonomi. Så veit me kva jobb Sigurd har gjort for oss og me ønskjer han lukke til vidare.


Notorisk målscorar

Dermed blei det 46 kampar og 28 mål i Sogndal-trøya for Haugen.


- Sigurd er det største spisstalentet som har vore i Sogndal på lang tid. Han kom til oss og har vakse veldig i den tida han har vore med oss. Så me viste det kom til å koma større klubbar på bana, men Sigurd var tydeleg på at han ikkje ville gå til andre klubbar i Norge. No må andre ta plass og me har fleire spennande typar i rekkjene, som til dømes Akor Jerome Adams. I tillegg har me Ulrik Flo med fleire som vil ta tak, seier Bakke.


Godt betalt

Kor mykje den belgiske klubben må ut med, vil ikkje Sogndal seia noko om.


- Men det er bra betalt, seier Bakke, og legg til at klubben har gjort ein god jobb for å få mest mogleg ut av situasjonen.


- Klubben som har jakta på Sigurd har vore på i tre veker. Dei ville verkeleg ha han. Dette er nok ein god historie for at Sogndal er ein bra plass for unge spelarar å koma til. Sigurd er ein flott gut som har utvikla seg fint hjå oss, og at han no får denne moglegheita er prov på at ein kan gå gjennom Sogndal til nye og større oppgåver både nasjonalt og internasjonalt


Byggjer nytt

Salet av Haugen betyr at Sogndal har mista tre angrepsspelarar i sommar. Martin Ramsland og Ole Amund Sveen har begge funne seg nye arbeidsgjevarar. Bakke seier at klubben har selt mange spelarar dei siste fem åra, og legg ikkje skjul på at det har vore ei utfordring.


- Det er der me er no. Klubben er i ei omstillingsfase og me må byggja nytt, men så må ein òg stola på at det er slik ein må gjera det i Sogndal. Det er difor me henta inn Akor også. No er det hans tid å blomstra.


På plass i Belgia

Haugen sjølv er allereie i Belgia hjå sin nye arbeidsgjevar.


- At Sogndal no gjev meg denne moglegheita, set eg utruleg stor pris på. Eg veit det er vanskeleg å selje toppscoraren sin, men det er nok eit prov på at klubben gjev unge spelarar moglegheita til å jage draumane sine.


- Eg skal ta med meg den fine tida eg fekk i Sogndal vidare, og eg vil takka alle som har hatt trua på meg og ikkje minst dei gode relasjonane eg har fått til bygda, seier han til klubbens heimeside.