Sogn Avis har fått inn tips om det ein trudde var kloakk som strøymde ut ved Dampskipskaien fredag ettermiddag. Ein kunne òg observera misfarga vatn tett inntil land på Sjøkanten.
Tenesteleiar for vatn og avløp i Sogndal kommune, Gjert Aaberge Dahl, trur ikkje dette skuldast kloakkutslepp.
«På Sjøkanten er det truleg overvatn frå parkeringsplassen. På Dampskipskaien er det nok avløp som går i overløp grunna regnet. Det er etablert anlegg som skal sila ut sediment,» skriv han i ein sms til Sogn Avis.