– Fotballen er eit viktig nav i Sogndal og når me er ein del av saftbygdi må me vera med på slike viktige initiativ, seier Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball.
Onsdag overrekte han gåva som sikrar ein fotballradar-installasjon på ViteMeir, skriv vitensenteret i ei pressemelding.
ViteMeir er nesten i mål med å setja innhaldet i senteret. Ulike installasjonar der ein til dømes kan jobba med matematikk og fysikk frå læreplanmåla, i tillegg til å ha eit opplevings- og konkurranseelement blir viktig.
For formidlingsleiar Åse Neraas var det, kanskje ikkje så overraskande, heilt naturleg å teikna inn ein fotballradar. Neraas vert truleg den første på ballen med å setja tidenes første fartsrekord på ViteMeir.
Raust næringsliv
Som vitensenter er ViteMeir avhengige av eit raust næringsliv for å sikra finansiering til relevante og fagleg sterke installasjonar. Ein av suksessfaktorane Sogndal er evna til å unna kvarandre suksess og at ulike aktørar jobbar saman for å skapa ein god kommune å bu i og å besøka.
– ViteMeir skal vera meir enn eit vitensenter, me skal vera eit samfunnsprosjekt, ein fasilitator for næringsutvikling og eit viktig tilskot til lågterskel aktivitetsbasert turisme i regionen. Me set stor pris på at Sogndal Fotball engasjerer seg og bidreg til innhaldsutviklinga vår, seier Erlend F. Lunde, marknadssjef for ViteMeir.
Gler seg til å testa
Saman skal Sogndal Fotball og ViteMeir samarbeida for å auka attraktiviteten kring kvarandre sine produkt.
− ViteMeir bidreg til at me i Sogndal Fotball kan skapa ei totaloppleving på kampdag. Neste haust kan me kanskje kombinera søndagsope på ViteMeir med eliteseriekamp mellom Sogndal og Rosenborg om kvelden, seier Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal Fotball.
Mo gler seg til å testa ut fotballradaren neste haust.
– Trikserekorden min er tre, men når eg berre får strekt vrista godt i skotet håpar eg å komma opp i tresifra tal kilometer i timen!