Sogndal Fotball avsluttar samarbeidet med midtbanespelar

DEL

Mohamed Didé Fofana og Sogndal Fotball er samde om å avslutta samarbeidet frå og med 1. februar 2020, skriv Sogndal Fotball på sine nettsider.

Didé kom til Sogndal i august 2017. Han vart sett på som ein veldig lovande midtbanespelar, og var sentral på U20-landslaget til Guinea, som spelte både U20 VM og Afrikameisterskapet for U20-landslag dette året.

Didé var i fjor på utlån til Vikingur Reykjavik på Island. No reiser han heim til familien i Paris.

Artikkeltags