FIRDA: Sjå dei smiler: Sogndal-ordførar Arnstein Menes (Sp) og Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) på same bilde. Rett nok med ein statssekretær imellom seg og med blikket i kvar si retning, men dette er sjeldan kost, folkens. Dei tilhøyrer same politiske parti, men kunne nesten budd på to ulike planetar. Det er sjeldan vi høyrer om at ordførarane har noko form for samrøre, trass i at dei er topp-politikarar i nabokommunar. Reisetida mellom dei to kommunane er dessutan svært kort – og vegstandarden er på høgde med det beste i utlandet.

Er ikkje det litt merkeleg?

Det er nesten som vi heng att på 1980-talet då turen gjekk over Gaularfjellet i sommarhalvåret, mens vi om vinteren måtte ta ferje mellom Kongsnes og Nordeide, og endå ei ferje mellom Dragsvik og Hella. På den tida var det vanleg å legge inn overnatting når sunnfjordingar skulle til Indre Sogn.

I dag går det unna som berre det. Vegstandarden er stort sett på høgde med den beste i utlandet. Med den nye 8 km lange tunnelen langs Kjøsnesfjorden treng vi ikkje lenger vere bekymra for ras. Frå Skei til Sogndal sentrum er det berre å sette på cruisekontrollen og parkere bilen 45 minutt seinare.

Likevel er det svært få som snakkar om kva dei nye kommunikasjonslinjene byr på av moglegheiter. Då Sunnfjord Utvikling presenterte sin nærings – og ringverknadsanalyse til Sunnfjord formannskap for eitt år sidan, hadde PwC, som gjorde jobben, intervjua folk i Kinn, Fjaler, Høyanger, Gloppen, Bremanger og Askvoll. Ingen hadde snakka med Sogndal. Då den same analysen vart presentert på Scandic Sunnfjord på ein stor næringslivskonferanse, var kanskje den viktigaste nabokommunen til Sunnfjord ignorert.

Sogndal, den flinke, men gløymde naboen, var elefanten i rommet som ingen ville snakke om.

(Til slutt i denne kommentaren kan du vere med på ei uhøgtidleg meiningsmåling om eit slikt samarbeid).

Og sogndølene er slett ikkje noko betre: Der er dei, om mogleg, endå meir høge på seg sjølve. Med eit fotballag som i periodar gjer det ganske bra, med eit stort høgskulemiljø, offentlege arbeidsplassar i hopetal og med ei folketalsutvikling som peiker rette vegen, ser heller ikkje dei nokon grunn til å invitere Sunnfjord til bordet for å snakke om samarbeid.

Dette er det på tide å gjere noko med!

Vi som styrer lokalmedia må også ta eit ansvar. Sogn Avis og Firda samarbeider om mykje, mellom anna utvekslar vi ein del stoff. Men viss vi snur lupa litt mot oss sjølve, trur eg vi må vere ærlege og seie at vi kunne vore flinkare til å løfte blikket på tvers av gamle fogderi og regionar. Med Sogn og Fjordane som eigen fylkeskommune var desse debattane høgst levande, no er det Vestland og Bergen som gjeld i den regionale debatten, i lokalavisene er vi opptatt av kommunane vi dekker. Her har vi ein jobb å gjere!

I Kinn har dei dessutan bestemt seg for å halde fram som eigen kommune og vil truleg ha meir enn nok med det. Døra mellom Sogndal og Sunnfjord derimot, står på vidt gap og det er berre å ta dei første stega.

Det er rett og slett for mykje godt i desse kommunane til at vi skal sitje på kvart vårt nes og tru at vi kan ordne alt åleine. Sogndal og Sunnfjord kan gjere kvarandre betre. Dei to kommunane skal sjølvsagt konkurrere, men også samarbeide. I lag vil Sogndal og Sunnfjord vere ei utviklingskraft som er umogleg å oversjå.

Neste gong næringslivet er samla til konferanse bør dette stå høgt på agendaen. Nye tider krev nye spørsmål, ny innsikt og nye svar. Vegen forbi Kjøsnesfjorden er berre ei av mange brikker som har ramla på plass for at dette kan skje. Også i den kommande valkampen bør dette løftast fram.

Og kven veit? Ein eller annan gong langt der framme kan Sogndal og Sunnfjord smelte saman til éin kommune.

Men akkurat den elefanten skal få gå i fred ei stund til!

Her opnar Kjøsnestunnelen

Rett etter tunnelen opna, vart 20 tatt og éin mista lappen. Dette seier Vegvesenet om eventuell fotoboks

Silje (42): – Første gong eg grin på konferanse

Samlar bedrifter frå heile fylket til fagleg innhald i Førde