Sogndal hamna på 4.-plass i Nasjonal G16-turneringa denne sesongen. Ligaen består av dei beste klubbane i landet. Dei tre beste vart kvalifisert til Skandinavisk Meisterskap, men ettersom eitt lag har trekt seg, fekk Sogndal tilbod om å vera med.

Fire kampar

Frå Noreg deltek også Viking og Brann. Sogndal spelar første kamp onsdag 8. desember mot AIK og torsdag 9. desember mot Brøndby. Fredag er det fridag, medan dei møter GIF Sundsvall på laurdag. Søndag 12. desember blir det spelt plasseringskampar.

Alle kampane blir sendt direkte på Direktesport.

Skandinavisk meisterskap er ei turnering for dei beste laga i Skandinavia fordelt i alderstrinna 16-19år. Sogndal har delteke to gonger før, og gjekk heilt til topps i 2018.

Dette er troppen:

Sogndal Fotball reiser med følgjande tropp: Andreas Duesund, Mathias Øren, Sander Heggestad, Noah Heggestad, Andreas Kalstad, Joakim Nundal, Sander Kilen, Enok Naustdal, Kristian Stenhaug, Markus Bringås og Daniel Sætren, Sondre Midthjell, Marius Årøy, Viljar Stavø, Lidvin Hestetun, Kristoffer Steinset, Kristian Kongelf, Ingvar Kolbjørnsen og Ola Lerheim Olsen.