Sælen er jurist og har tidlegare mellom anna jobba hjå Nav og Lotteritilsynet. Ho kjem frå stillinga som juridisk seniorrådgjevar hjå Arbeidstilsynet, går det fram av ei pressemelding frå Helsedirektoratet.
– Det blir spennande å tiltre i rolla som pasient- og brukarombod. Eg har jobba mange år i offentleg forvaltning, dei 10 siste åra i Arbeidstilsynet, seier Sælen i pressemeldinga.
Ho seier ho har lang erfaring med å jobba med å vareta arbeidstakarrettar og ser fram til å kunna bidra til å vareta ei anna viktig gruppe.
Noreg har i dag 15 pasient- og brukarombod som skal vareta pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik i helse- og omsorgstenesta. Dei arbeider også for å betra kvaliteten på desse tenestene. Pasient- og brukarombodet er eit lågterskeltilbod som skal gje alle innbyggjarane eit likeverdig tilbod, går det fram av pressemeldinga.
Kommentarer til denne saken