SECOND HAND SAINTS: I Bandet «Second Hand Saints» med vokalist André Høberg (18), gitarist Sander André Fjærestad (17), trommis Trygve Nyhaug (17) og bassist Kristian Fonn (17).

Ungdommen har mangla på Balejazz. Det ville desse ungdomane gjera noko med

Ungdommane arrangerte konsert med ungdom for ungdom. - Det var heilt fantastisk, seier Sander André Fjærstad.

Publisert 08.05.2019 kl. 09.49. Oppdatert kl. 10.00.

Første helga i mai blir Balestrand fylt med folk, musikk og liv under den årlege Balejazzen.


Fleire kjende artistar opptrer, men noko gjer at ikkje ungdommen lokkast til å vera med på festen. Dette fekk bandet "Second hand Saints" til å tenkja.


- Balejazzen har jo eit relativt vakse publikum, og me ønskte å gjera det til noko for ungdommen også.

"HARD TO LIVE": Bandet «Hard to live» består av vokalist Live Åsnes Skjerdal (13), trommis Vemund Åsnes Skjerdal (15), bassist Thor Magne Eiken Oppdeal (16), gitarist Erlend Eiken Oppedal (14) og Hans Steinsnes Hamre (15) som spelar munnspel, synth og basstrombone.

Konsert for ungdommen

Bandet består av dei fire lokale gutane André Høberg, Sander André Fjærestad, Trygve Nyhaug og Kristian Fonn, som alle har ei brennande interesse for musikk.


Klassekameratane fann kvarandre og danna i fjor haust bandet som spelar både eigne låtar og cover i sjangeren alternativ rock.


År etter år har gutane sett at ungdommen manglar på den årlege jazzen. Dette tenkte dei at dei måtte gjere noko med. På eige initiativ bestemde «Second hand saints» seg for å stella i stand ein konsert. Dei promoterte til både lokal og regional ungdom og styrte showet heilt sjølve.


Då me spurde gutane kva dei tenkte når dei ville arrangere konsert var svaret.


- Kvifor ikkje? Me likar å spela, og me treng meir ungdom som både opptrer og deltek på jazzen, forklarer André Høberg.


Samarbeid

Samstundes som dei planlagde og øvde til konserten, vart dei merksame på eit anna band som kallar seg sjølve for «Hard to live».


"Hard to live" er ei gruppe på fem ungdommar frå Leikanger som spelar covers i sjangrane Blues, Rock og Ska. Dei vart inviterte til å bli med å spela på konserten i lag med dei lokale gutane.


Unge talent

Under Balejazz arrangerast kurset Unge talent. Ungdommar kan melda seg på kurs der ein får rettleiing av fagfolk innanfor både instrument og song. Dei jobbar mot ein konsert som blir halde på søndagen utanfor Kviknes hotell. Medlemmane frå «Hard to live», Live Åsnes Skjerdal, Vemund Åsnes Skjærdal, Thor Magne Eiken Oppedal, Erlend og Hans Steinsnes Hamre var mellom ungdommane som deltok.


- Me var heldige som fekk tid til å vera med på både konserten med «Second Hand Saints» og Unge talent, seier vokalist i bandet Live Åsnes Skjerdal.


Stornøgde

På Bygdahuset i Balestrand sentrum vart det fullt liv då dei to banda spelte laurdag. Ungdommar strøymde til og banda storkoste seg på scena. I nesten to timar var det full guffe i lokalet.


Second Hand Saints er nøgd med det dei har fått til på eiga hand og konserten gjekk strålande.


- Det var heilt fantastisk, smiler Sander André Fjærestad.


Alle i bandet seier seg einige i at dei er stornøgde med innsatsen, og at det må vera ein av dei beste konsertane dei nokon gong har spelt.


Les òg: - Beste Balejazz sidan oppstarten i 1990


Siste saker Gå til framsida