FULL PAKKE: Sigurd i fullt Kvikk Lunsj-antrekk. (Foto: Privat)

Sigurd (17) blir kalla Kvikk Lunsj-mannen

Sigurd Stenstadvold frå Leikanger likar å samla på noko få andre har like mykje av. Han samlar på Kvikk Lunsj-effektar.

Publisert 14.08.2019 kl. 19.34.

Interessa starta i 2014 då han fekk ei hue i gult, raudt og grønt. Ei Kvikk Lunsj-hue.


- Etter det fekk eg genser, sokkar, maske, alt eigentleg. Det var då eg byrja å bli kalla Kvikk Lunsj-mannen, fortel han.

INTERESSE: Kvikk Lunsj-interessa starta i 2014 då han fekk Kvikk Lunsj-hua. Sidan var det ingen veg tilbake. (Foto: Privat)

Blitt ein hobby

Ein gong hadde Sigurd presentasjon om Kvikk Lunsj i norsken, i fullt Kvikk Lunsj-antrekk.


- Læraren trudde eg tulla, men det gjekk veldig bra.


Dei siste to åra har Sigurd kledd seg ut på større speidararrangement og delt ut Kvikk Lunsj-sjokolade. Kvikk Lunsj-effektane har nærast blitt ein hobby.


- Eg har vurdert å kjøpa Kvikk Lunsj-sykkel, men elles har det roa seg med effektar i det siste. Eg har ikkje kjøpt meg noko nytt sidan Kvikk Lunsj-skulesekken eg skaffa meg i fjor. Elles har eg Kvikk Lunsj-ski i originaløskje, dei er verd mest av alt eg har, eg kjøpte dei for 700 kr. Dei er utan bindingar då.


Det er vanskeleg å estimera ein verdi av heile samlinga, sidan mykje er heimestrikka frå mamma og bestemor. Sigurd tippar verdien ligg på eitt par tusen.

VART INVITERT: Då Sigurd gjekk på Karl Johan for å kjøpa Kvikk Lunsj i Freia-butikken blei han invitert inn på ein kafé han gjekk forbi. (Foto: Privat)

Vart invitert på kafé

I fjor sommar sto Sigurd ved Freia-butikken på Karl Johan i Oslo. Fullt påkledd med Kvikklunsj-maske og alt.


- Eg kjøpte ein to kilo-pakning med Kvikk Lunsj. Mange smilte eller såg rart på meg, og det var mange som tok bilete. Systera mi ville ikkje bli sett saman med meg så ho gjekk på andre sida av gata, då høyrde ho fleire som snakka om meg. Kvikklunsj-mannen. Det var veldig moro, eg vart til og med invitert inn på ein kafé på kaffi.


Sigurd finansierer Kvikk Lunsjen han deler ut med å kjøpa på sal, til dømes etter påske.


- Før førre speidarleir kontakta eg Freia får å spørja om eg kunne få sponsa Kvikk Lunsj til å dela ut. Dessverre fekk eg nei, sidan dei sa dei ikkje støttar enkeltpersonar, men eg har tenkt å prøve att til hausten. Kanskje eg kunne vore med i ein reklame eller noko.


Besteforeldra har også støtta han med Kvikk Lunsj-gåver. Alt brukar å liggja i eit lager i boden.

DYRASTE: Langrennsskia er det dyraste i Kvikk Lunsj-samlinga til Sigurd. (Foto: Privat)

Betre enn KitKat

- Eg brukar å hugsa det før eg reiser på fjelltur sidan det trass alt er ein tursjokolade, men av og til gløymer eg det, eller så er det tomt. Dessutan likar eg betre å dela ut enn å eta det sjølv. I fjor hadde eg fire kilo Kvikk Lunsj i boden som vart tom i løpet av hausten. Då hadde eg berre ete eit par stykker sjølv.


- Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om kallenamnet «Kvikk Lunsj-mannen», men det er greitt nok. Det blir litt mykje mas av og til, men det er kjekt. Folk blir glade, dagen etter eg har delt ut sjokoladar er det mange som kjem bort for å høyra om eg har meir.


Nokre av gutane i speidargruppa brukar å terga han ved å seie at Kvikk Lunsj berre kopierer KitKat.

AKKURAT PLASS: Skulesekken til Sigurd er det førre han kjøpte. Den har akkurat plass til ein skule-pc. (Foto: Privat)

Snart ny genser

 


- Det er for så vidt sant, sidan Kvikk Lunsj kom to år etter Kitkat men det finst jo mange typar kjekssjokolade. Eg har aldri smakt KitKat så Kvikk Lunsj blir min favoritt, og eg meiner å ha sett ein offisiell blindtest der Kvikk Lunsj vant. Det hadde jo vore kjekt å laga ein slik blindtest eingong, eg har litt lyst å setja opp ein stand på neste speidarleir.


Framtida elles for Kvikk Lunsj-interessa er vanskeleg å spå.


- Det har roa seg i det siste, eg har tenkt å pensjonera gipsmaska no og hengja den opp. Kvikk Lunsj-genseren eg har brukt er blitt for liten, men bestemor held på å strikka ein ny.