RUSSETIDA: Sidan 24. april har blå, svarte og raude dressar vore å sjå overalt kvar ungdomen går. (f.v.) Fredrik Stavø, Eline Ylvisåker og Eirik Sundsøy.

Russetida handlar mest om fellesskap

Russen har mykje på programmet om dagen, men i bilen på veg til Landstreff Stavanger har Eline Ylvisåker (19), Fredrik Stavø (18) og Eirik Sundsøy (19) tid til eit kort intervju.

Publisert 15.05.2019 kl. 17.00.

Forventningar til russetida har vore høge:


- Me har vore veldig gira og det er utruleg god stemning, seier Eline.


- Og mykje stress, legg Fredrik og Eirik til. Dei er budde på å ha ein god balanse mellom festing og eksamenstid.


- Det er dumt at russetida er før eksamen, men det er vanskeleg å finne ei anna tid det hadde passa. Det må nesten vere no, før alle reiser til sitt, seier Eline.


Inkluderande

- Me har eit godt kull som inkluderer alle. Dette året har me inkluderingssjef som får med alle. Ho sørgjer for at klassevors blir planlagt og oppmodar elevar til å sende inn inkluderingstips. Det er veldig artig å sjå folk ute som vanlegvis ikkje er med, fortel Fredrik.


- Kva tenkjer de om å vere bygderuss?


- Eg trur det er vanskelegare å sørgje for at alle blir inkludert i byane, for det er så mange fleire elevar, seier Eline. Ho legg til at det er kjekt uansett så lenge ein har ei god gruppe.


- Eg trur det mykje større miljø for fleire rusmiddel der enn på bygda. Og så er det dyrare, seier Eirik.


Ingen buss

I Sogndal er det berre ei gruppe med van, og ingen har buss.


- Ein blir liksom overraska når ein høyrer at ei gruppe har van, det er absolutt ikkje sett på som ei sjølvfølgje.


Likevel er russetida dyr for bygderussen, sjølv om ein er varsam: Ein skal ha russedress, lue, kort og gjerne vere med på treff.


- Det drep lommeboka mi, seier Fredrik.


Vaksne ser ned

Gjengen er einige om at eit klart høgdepunkt er fellesskapen russetida handlar om, sjølv om mange assosierer ho med fyll og festing.


- Yngre ser gjerne opp til oss, men me kjenner på at dei vaksne ser ned på oss. Med ein gong me er russ mistar me all tillit.


Eirik merka det spesielt godt då russen skulle skaffe seg russeplass tidlegare i år.


- Det er ikkje ugrunna altså, me skjønar det godt. Men det er dumt at det skal vere sånn; berre fordi ein person gjer noko dumt betyr det ikkje at heile kullet gjer det, legg Fredrik til, som meiner russen har fått mykje kjeft.


Ikkje svarteliste

I år har ikkje Sogndalsrussen laga svarteliste, som vanlegvis plar liste opp namn over fyrste- og andreklassingar som skal vere ekstra utsett for angrep frå russen.


- Det er kjekt å dynke og spruta vatn på folk ein kjenner, men det er bra at folk slepp å vere redde. Eg trur eigentleg ikkje folk bryr seg om at den er vekke, men dei hadde nok gjort det om me hadde ho, seier Eline.


Ho tykkjer russen har andre kjekke tradisjonar: Russerevyen og russedåp er dei største, og det var veldig kjekt. I tillegg har dei russeknutar:


- Det er litt oppskrytt, men det er kjekt. Nokon av knutane er veldig koselege som å gå i barnehagen og dela ut is, seier ho, og legg vekt på at det er ingen som kjenner press.


- Det er lett å gløyma russeknutane då. Eg skulle eigentleg bade 1. mai.


Lykke til

Til dei som allereie bur seg til russetid dei neste åra seier Eline at ein sjølv må bestemme kor mykje ein legg i det.


- Me hadde god tid til å bu oss: nokon byrja i andreklasse med grupper og dugnadar, men eg byrja med planlegging i tredjeklasse og er nøgd med det. Det har ikkje vore stress. Eg vil seie lukke til til dei yngre kulla: gled dikka og ta vare på kvarandre!


Les meir om: Nyhende Saueflokken Ung