SMAKAR: Kari er nøgd med sommarjobben på suvenirbutikk, men om ho fekk velja kva som helst hadde ho vore is- og milkshakesmakar heile sommaren lang.

- Alle ungdommar burde ha sommarjobb

Kari Mølster (18) skal jobba i den lokale suvenirbutikken i sommar.

Publisert 18.06.2019 kl. 14.15.

- Eg gler meg, seier ho.


Det er ikkje lenge att til skuleåret er over og sommarferien startar. Nokre har planlagt familiebesøk, hytteturar eller kanskje sydentur. For mange ungdommar er sommarferien ei tid for å tena eigne pengar. Mange leitar etter sommarjobb i bygda si eller område ikring og jobbar store delar av sommaren.


Trivst

Kari har i fleire sesongar jobba på Suvenirbutikken «Mall of Norway» i Flåm.


- Eg trur dette vert min fjerde sesong. Eg har jobba her sidan eg var 14 år, seier ho.


Og Kari trivst i jobben.


- Oppgåva mi er for det meste å stå i kassa, men eg hjelper også til med å setja på plass varer, hjelpa kundane og sjå til at butikken ser ryddig ut.


Suvenirbutikken var hennar første sommarjobb og ho ser ikkje nokon grunn til å byta.


Tena eigne pengar

Når me spør Kari kva ho tykkjer om at ungdommen får sommarjobb er svaret at det er ein flott moglegheit. Ho tykkjer det er lurt at ungdommen lærer seg å tena eigne pengar og å jobbe på ein arbeidsplass.


- Det er også bra å ha erfaringar til ein skal vidare i livet.


Pengane ein tener kan ein spara eller bruka på noko ein ønskjer seg. Kari tenkjer å bruka pengane ho tener på lappen og kanskje bil.


Gode moglegheiter

Flåm er ei bygd som er kjend for turisme med ikring ein million besøkjande i året. Den vesle bygda er difor stappfull av butikkar kafear, stadar å ete og sjåverdigheiter. Dette skapar ein fin arena for sommarjobbar til ungdommen.


- Eg er glad eg bur i Flåm, seier Kari.


Ho meiner det er lettare å få sommarjobb her enn i mange andre bygder.


Godt å halde rutinar

Sjølv om det er kjekt å tena pengar er det viktig å slappa av når ein har ferie også, meiner Kari.


- Eg pleier å jobba litt over halve sommaren. Eg tykkjer det er ein passeleg mengd, seier ho og legg til.


- Om eg ikkje skulle ha jobba i sommar hadde eg nok blitt litt lat. Når ein har ein jobb å gå til er det lettare halde rutinar. Ein må leggja seg i vitig tid og stå opp for å rekka jobben og planleggja dagane sine rundt arbeidstid.


Sommarjobb-tips

For å finna ein sommarjobb meiner Kari det er lurt å vera «på».


- Leit båe på nett og i aviser og ta gjerne kontakt med kjenningar. Kanskje du kan ha ein meir uformell jobb, som til dømes å klippa graset til folk eller hjelpa dei med handling, barnepass eller lufting av hund. Kanskje kjenner du også til nokon butikkar du kan spørja om dei treng folk, slik som ein suvenirbutikk eller ein kafé.


Om ein skal få seg ein sommarjobb er det også viktig med ein god jobbsøknad. Me spurte Kari kva ho trur er viktig å ha med i søknaden.


- Eg trur det er greitt å byrja med å skriva litt om seg sjølv om interessene sine. Vidare burde ein snakka litt om erfaringane sine og kvifor ein ønskjer å søkja på jobben.


Siste saker Gå til framsida