– Dørene våre er eigentleg opne støtt, men denne laurdagen er dei ekstra opne. Eg håpar mange har lyst innom for å helsa på oss, gje oss tilbakemeldingar og sjå korleis me lagar avis i 2023, seier dagleg leiar og redaktør i Sogn Avis, Arve Uglum.

Saman med resten av staben står han klar til å ta i mot folk mellom klokka 11 og 13 førstkomande laurdag. Høvet er avisa sitt 30-årsjubileum og nye lokale på Sjøkanten.

Sogn Avis såg dagens lys då avisene Sogn og Fjordane og S/SA vart slegne saman til ei avis i 1993.

– Me har ei lang historie å sjå tilbake på, men i kvardagen handlar det berre om notid og framtid for oss, og slik blir det på laurdag også, seier Uglum.

Avishus med lang historie

Sogn Avis vart nyleg kåra til Årets Lokalavis i Noreg etter kraftig vekst dei siste åra. Veksten har kome etter at avisa gjorde nettet til førsteprioritet i 2020.

Avishuset har ei lang forhistorie, mykje lenger enn dei 30 åra som har gått sidan Sogn Avis kom på gata i 1993.

– Eg føler ikkje at eit 30-årsjubileum er heilt dekkande for å skildra avishistoria vår. Utgjevarselskapet til avisa har vore i drift sidan 1897, og gjeve ut aviser under mange namn frå mange stader i Sogn opp gjennom åra. Eigentleg skulle me feira 126-årsjubileum i år, men me nøyer oss med 30.


– Kanskje best å halda seg til dei runde dagane?

– Ja, og me burde sikkert slått på stortromma lenge før, men det har vore eit travelt år med flytting frå Saften på Hermansverk til Sjøkanten i Sogndal. Det er ei krevjande øving å flytta samtidig som ein lagar avis i same tempo som før. Men gjengen i avisa har stått i det, og det har lesarane og. No byrjar ting å koma skikkeleg på plass på Sjøkanten, og då vil me gjerne syna det fram, seier Uglum.

– Sjøkanten Workplace?

Les også

Sogn Newspaper is in the Seaedge Workplace. Why?

– Ja, dette blir kanskje siste sjanse til å sjå workplace-skiltet over døra vår. Nye er bestilt, så der kjem det ei endring, flirer han.

– Men ut over namnet er me veldig nøgde med lokala våre, altså. Folk kom, plugga seg inn og sette i gang med å jobba. Det var eigentleg ein saumlaus overgang til lokale som er mykje meir tilpassa det avishuset me er i dag.

Kake, gåver og brukarhjelp

Når avisa opnar dørene blir det nokre gåver til gjestene, kake, tipskasse og ein sjanse til å snakke med journalistane. Det vil også stå folk klar til å hjelpa dei som vil med å koma i gang med å bruka avisa digitalt.

– Dei fleste av lesarane våre er digitale allereie, men me vil gjerne ha med fleire sidan det er på nettet at den store produktutviklinga og nyvinningane i avisa skjer. Om nokon framleis kjenner på teknikken som eit hinder for å koma i gang, er det berre å ta med mobilen, nettbrettet eller datamaskina og koma. Me skal både oppretta nye abonnement og opna nettet for eldre abonnentar, seier Uglum.

Du finn Sogn Avis på Sjøkanten i Sogndal, og det er inngangar både frå butikkane på baksida og Fjordstien på framsida.