– Det er eit selskap me strengt tatt ikkje høyrer heime i om du ser på opplaget vårt. Dei er to av landets største regionaviser, og Bergens Tidende er nesten ti gonger så store som oss, seier redaktør og dagleg leiar i Sogn Avis, Arve Uglum.

– Men me kan ikkje gjera anna enn å bli så gode som me kan i Vik, Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal, og om det held til ein nasjonal pris er det ikkje meg i mot, legg han til.

Stor auke

Nominasjonane vart gjort kjende fredag morgon, og vart møtte med glede i redaksjonslokala i Saften. Bakgrunnen for nominasjonen omstillinga frå å vera ei tilnærma rein papiravis til å prioritere nettet først, og opplagsauken det har ført til.

Sogn Avis auka med 1087 abonnentar i 2020, og ytterlegare 355 i 2021. Det skjedde etter mange år med nedgang i opplaget.

– Me bytte plattform og tok til å prioritera nettet først den 28. januar 2020 klokka 10.00, og då byrja teljeverket å gå. Før det hadde me kjempa med nebb og klør for å halda på det me hadde, og visste ikkje kva moglegheiter som låg føre oss, seier nyhenderedaktør Eli Grotle.

Moro, men brutalt

Grotle har jobba i avisene Sogn og Fjordane og S/SA sidan 1985, og var med då dei to vart slått saman til Sogn Avis i 1993. Dei siste par åra har bydd på store omveltingar.

– Det har vore kjempemoro, men også brutalt. Du får så tydelege beskjedar om kva lesarane vil ha, og synsinga er nesten heilt borte, seier ho.

– Men lesarane var veldig klare for dette, og det var me også. Det har vore kjekt å sjå kor klare gjengen i Sogn Avis var for å gjera innsatsen som skulle til, og kor endringsvillige dei var. For alle var med, uansett kor lenge dei hadde jobba her, legg Grotle til.

Strak arm

Frontsjef og leiar i redaksjonsklubben, Wenche Schanke Eikum, seier dette er ei ny fjør i hatten for dei tilsette i Sogn Avis.

– Det er kjempestas. Det viser at me har gjort jobben, og at folk har teke dette med digitalisering på strak arm. Me er krye over det me har fått til, seier ho.

Prisane skal delast ut på Ole Bull Scene i Bergen den 4. mai. Der kjem redaktøren og andre frå Sogn Avis til å vera til stades.

– Då får me sjå. Inntil vidare skal me kosa oss med å vera nominert. Det er stas det også, seier Uglum.