Sogn Avis lanserer Direktesport for smart-TV

LOKAL SPORT PÅ TV: Slik ser det ut med Direktesport på TV. Dette kan alle abonnentar av Sogn Avis no lasta ned på nyare smart-TVar og Apple-TV.

LOKAL SPORT PÅ TV: Slik ser det ut med Direktesport på TV. Dette kan alle abonnentar av Sogn Avis no lasta ned på nyare smart-TVar og Apple-TV. Foto:

Amedia-avisene sin sportsportal Direktesport har lansert eigen app for smart-TV. Det betyr at alle som abonnerer på ein av konsernets 75 aviser no vil få tilgang til direktesendt sport rett inn på tv-skjermen.

DEL

Det er gjennom Direktesport at Sogn Avis-abonnentar får tilgang på alt frå ein variert meny som også inkluderer Fjøra og Årdal FK sine kampar i 3. divisjon til aldersbestemte klubb- og landskampar.

Allereie onsdag 26. februar skal Sogn Avis strøyma treningskampen mellom Sogndal og Florø på Fosshaugane Campus.

Direkte og i opptak

Tidlegare har denne strøymetenesta stort sett vore lagt opp til at folk skal sjå sport på mobilen eller datamaskina. No har det blitt lansert ein heilt ny app, som skal gjera det lettare å sjå all sport som blir sendt, anten det er direkte eller i opptak, på fjernsynet. Appen kan lastast ned i Apple TV og nyare Samsung.

Med Direktesport-appen får du tilgang til tusenvis av idrettsarrangement frå heile landet, og du kan både sjå sendingane direkte og i opptak.

Fleire tusen sendingar

– Våre aviser har dei siste åra sendt fleire tusen sendingar med fotball, handball og ishockey, friidrett, langrenn og ei rekkje andre idrettar. Me har opplevd stor interesse blant våre abonnentar for dette tilbodet som de hittil har kunne sjå via pc, mobil eller brett. No brettar me det ut i storformat og lagar appar for smart-TV, seier Helge Birkelund som er direktør for sportsutvikling i Amedia.

I tilbodet frå Direktesport ligg blant anna treningskampar med RBK, Molde, Brann, Vålerenga og resten av laga i Eliteserien.

Appen er klar

Når sesongen startar blir alle kampane frå Toppserien, PostNord og ei rekkje andre kampar for store og små vist, som for eksempel Norway Cup.

Direktesport har også kampar frå Rema 1000-ligaen i handball og ei rekkje andre sendingar som Birkebeineren, Holmenkollstafetten og NM i alt frå bordtennis til boksing. Mange av Amedia sine lokalaviser tilbyr omfattande dekning av det som skjer innan lokal og aldersbestemt idrett.

Appen er klar for Apple TV og smart-TV frå Samsung. Snart vil den også bli lansert for LG. For Samsung og LG må du ha ein smart-TV som er produsert i 2017 eller seinare. AppleTV-en må ha tvOS 11.0 eller høgare for å fungera.

Artikkeltags