Styreleiar i Firda, Ole Morten Ona Ringdal, seier i ei pressemelding at avisbransjen står midt i ei stor omstilling. Stadig fleire brukar avisa digitalt, og talet på papiravisabonnentar er kraftig redusert. Ringdal meiner at alt tyder på at denne utviklinga vil halda fram.
– Å trykkje aviser er dyrt. Når talet på aviser som skal trykkjast er fallande, betyr dette at trykkjekostnaden per avis blir høgre.
– Me må heile tida finne dei mest optimale og kostnadseffektive måtane å produsera papiraviser på i åra som kjem. Å samla trykkinga av fleire aviser i eitt trykkjeri er ei openberr moglegheit til å redusere kostnadene. Reduserte utgifter kjem i neste omgang abonnentar og mediehusa til gode. Desse pengane kan me kan investera i å laga innhald, seier Ringdal.
Sjå på kostnadar
Styreleiar i Sogn Avis og administrerande direktør i Firda, Svein Atle Huus, stiller seg bak dette.
– Trass den sterke digitale utviklinga for Sogn Avis og Firda dei siste åra, har me framleis ein stor del av kostnadane våre knytt til papirproduktet. Dette tvingar oss til å sjå på kostnadane våre, seier Huus. Målet er å bevara og helst styrkja posisjonane våre i åra framover.
Dei tilsette i Sogn og Fjordane Avistrykk vart informerte om avgjerda tysdag. Styreleiar Morten Kringler opplyste om at styret har vedteke at det ikkje lenger er grunnlag for drift for trykkjeriet i Førde. 10 tilsette fordelt på 7–8 årsverk blir råka av nedlegginga.
Avisa til same tid
Dei andre avisene som blir trykte i Førde i dag er Firdaposten, Avisa Nordhordland, Firdaposten, Firda Tidend og Ytre Sogn. Dei er i dag orienterte om Firda og Sogn Avis sine styrevedtak. Firdaposten og Avisa Nordhordland som er 100 prosent Amedia-eigde, vil også flytta trykkinga til Voss som følgje av nedlegginga av trykkjeriet i Førde.
– Det er gjort ei grundig vurdering av distribusjonsopplegget og risikoen med tanke på lenger transport ved flytting av trykkinga til Voss. Me klarer å halda trykkjetidene om lag som i dag, og då vil det vera meir enn nok tid til å få fram avisene til abonnentane i Sogn og Fjordane til same tid som i dag, seier Ringdal.