Sofia Stigen Sørensen frå Aurland vann gull i landsmeisterskapen denne helga. (Foto: Privat)

Sofia boksa til gull i landsmeisterskapen

Sofia Stigen Sørensen fekk vist at ho er ein av dei største boksetalenta i landet denne  helga.

Publisert 05.05.2019 kl. 17.26.

Søndag tok ho gull i landsmeisterskapen i ungdomsleikane, som er eit arrangement der 15 idrettar samlar seg på Lillehammer og Hamar og har noregsmeisterskap for juniorar.


Aurlandsjenta måtte gå opp ein vektklasse og fekk direkte finaleplass. Sjølv om motstandaren hennar var større, gjekk det utruleg bra. Etter tre tøffe rundar i ringen vart Sofia ropt opp som vinnar med 25 mot 20,5 poeng.


Ho fekk også mykje skryt av generalsektæren i bokseforbundet som meinte at ho boksa smart.


- Eg er veldig glad for gullet. Eg følte at den første runden var ganske jamn, men så gjekk det betre i dei to neste rundane. 


- Eg var ikkje hundre prosent sikker på at det vart siger, men eg hadde ei god kjensle. Så eg vart ganske letta og glad då det blei klart at eg hadde vunne.


Sigeren vart feira med softis, før turen gjekk heim til Aurland. Neste for Sofia blir no eit stort stemne i Bodø i august. Her skal ho møta utøvarar frå Brussel.


Les meir om: Sport Aurland