Søndag ettermiddag er det meldt om eit mindre snøskred som kom ned i vegbana ved Støylsnestunnelen i Kjøsnesfjorden i Jølster. Det er ikkje fare for at bilar er tekne av skredet, opplyser Vest politidistrikt på Twitter. Det er passasje på staden og politiet har varsla vegtrafikksentralen som står for opprydding.
Snøskred på rv5 ved Støylsnestunnelen
Artikkelen er over 1 år gammel