Gå til sidens hovedinnhold

Snøskred har gått over riksveg

Vest politidistrikt melde søndag om eit snøskred som har gått over rv. 13 i Leikanger.

– Raset er såpass stort at det er ukjent om nokre bilar er tekne av raset. Det er ikkje observert at nokon er tekne, skriv politiet på Twitter.

Raset vart meldt til politiet klokka 15.17 søndag.

Fleire ras

Politiet melder at det er snakk om fleire snø- og jordskred. Det skal vera cirka 20 meter breitt og 3-4 meter høgt.

Raset har gått over Hellavegen ved Ytre Suppam.

Naudetatane rykte ut til staden. Det same gjorde frivillige mannskap og helikopter.

Det vart søkt med helikopter og båt for å avklara om nokon var tekne av raset.

Avslutta for kvelden

Riksveg 13 er no stengd, og blir truleg ikkje opna att i dag, melder Vegtrafikksentralen.

I 18-tida vart bergingsoppdraget avslutta, men vegen forblir stengd. Det blir ifølgje Vegvesenet ikkje sett opp båttransport forbi staden søndag kveld.

– Det er ingenting som tyder på at nokon blei tekne av raset, melder politiet.

Vegen stengd – ingen båttransport

Oddvar høyrde eit kraftig brak: – Her har vore store krefter i sving

Lavinehundar leitar i skredet

Kommentarer til denne saken