Snøras ved Kjøsnesfjorden

DEL

I halv 12-tida melde politiet på Twitter at det hadde gått eit snøras på RV 5 ved Lunde i Kjøsnesfjorden.

Snøraset er mellom Fjærlandstunnelen og Støylsnestunnelen. Fleire store grantre har blitt tekne av raset, og sperrar vegen. Det er lite snø på staden, og ein lokal bonde arbeider med å rydda vegen.

Ingen bilar eller personar er råka av raset, men det danna seg lange køar på staden.

Vest politidistrikt melder at vegen er venta opna i 14 tida, og at det inntil då vert brukt følgebil forbi rasstaden.

Artikkeltags