Snøras stengjer Vikafjellet

DEL

Rv. 13 Vikafjellet vart onsdag ettermiddag stengt grunna snøras, opplyser Vegtrafikksentralen.

Stenginga gjeld frå klokka 18.10, og det blir ny vurdering om vegen kan opnast klokka 09.00 torsdag.

Frå før er fjellovergangen uansett nattestengd mellom klokka 22 og 07 dei neste dagane.

Fjellet blir kun stengt i Kvassdalen, mellom bommen i Hola og bommen i Nobbi.

Artikkeltags