Snøras stengjer fylkesveg

Fylkesveg 50 Hol - Aurland ved Østerbø fjellstove er stengd på grunn av snøras.

DEL

Vegtrafikksentralen melder at det er fare for nye ras og at trafikantar som er i rasområdet må trekkje seg unna.

Roger Nedberge Hille, trafikkoperatør hjå vegtrafikksentralen, seier at raset er tre meter høgt og dekkjer heile fylkesvegen.

– Me fekk inn tre telefonar frå folk som såg og melde inn raset. Det er uvisst når vegen vil bli opna. Rydjemannskap er på veg og vil i samband med geolog vurdera kva ein skal gjera vidare.

Vest politidistrikt melder at det ikkje er noko som tyder på at personar er tatt av skredet. Politiet er også på veg til staden. Det same er lavinehundar for å sjekka ut raset.

Artikkeltags