Snøras stengjer fylkesveg

DEL

Fylkesveg 5623 i Aurland er stengd mellom Gudvangen og Bakka på grunn av snøras, melder Vegtrafikksentralen like før klokka 21.00 fredag kveld.

Det var ein person som kom til rasstaden som melde frå om raset.

– Det er ikkje noko som tyder på verken bil eller personar er tekne av raset, som er om lag 20 meter breitt og mellom to og tre meter høgt, opplyser politiet.

Det er venta opprydjing og inspeksjon på staden laurdag.

Artikkeltags