Snøras stengjer Bergensbana - opnar ikkje att i dag

Det har gått eit stort snøras mellom Myrdal og Hallingskeid på Bergensbana.

DEL

I følgje Vy er all togtrarfikk på strekninga Hallingskeid-Myrdal stengd på grunn av straumproblem som følgje av raset.

Bane Nor jobbar med å retta opp feilen, men det er uvisst kva tid toga kan køyra som normalt att.

Det blir teke ny vurdering klokka 12 tysdag, opplyser Liv Tone Oterholt i Bane NOR.

I mellomtida vil det bli sett opp alternativ transport på strekninga.

Også strekninga Flåm-Myrdal er stengd for togtrarfikk på grunn av fare for ras på strekninga. Det er førebels uvisst kva tid det blir opna for normal trafikk att.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken