Snøras sperra køyrefelt på Vikafjellet

DEL

Vegtrafikksentralen melder klokka 15.47 at det er gått eit lite snøras på rv. 13 Vikafjellet og eine køyrefeltet er stengt.

Raset har gått på veg opp til Vikafjellet frå Vik-sida.

Entreprenør er på veg til staden. Vel ein halv time seinare var vegen rydda og opna for fri ferdsel.

Artikkeltags